“Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre.” Slik heiter det i tusen år gamle Håvamål.

Her på øya finst det mange bustader, og i dei aller fleste er det fastbuande folk. Nokre av husa er ferie- og fritidshus, gjerne for utflytta øyingar. Dei fleste eig husa dei bur i, men somme, særleg ungdomar, leiger husvære hos andre.

Informasjon om husvære som er til leige og til sals finn du på denne sida.

Mange ønskjer å eige bustaden sin, noko som gjerne vert særleg aktuelt når ein stiftar familie. Nokre kjøper hus som blir ledige, medan draumen for mange er å bygge sitt eige nye hus.

Det er tre kommunalt regulerte bustadfelt her på øya med til saman 11 byggeklare bustadtomter i skrivande stund. To av felta er ikkje fullt utbygde med tekniske anlegg, så der er det potensiale for ein del fleire tomter. I tillegg er det mogleg å skaffe seg hustomt utanfor byggefelta.

Sjå kart over byggefelta nedanfor med oversikt over ledige tomter. Klikk på karta for full storleik.

Byggefelta Flem 1 og 2

Byggefelta Flem I og Flem II

Byggefelta Flem I og Flem II er i dag samanbygde. Her er det 9 ledige tomter (alle i Flem II) til ein pris av kr 295.000. Med unntak av ei tomt, er alle tomtene over 1.000 kvm, og fleire er på 1.200 kvm og vel så det. Dette feltet ligg nært skule, fotballbane og skipsutstyrsfabrikken Rolls-Royce Marine Automation.

Byggefeltet Øytun

Bustadfeltet Øytun

Byggefeltet Øytun ligg også sentralt i forhold til skule, Rolls-Royce og meir, og har Coop’en midt i feltet. Her er det to ledige tomter (markert med X i nedre høgre del av kartet), men som ikkje er byggeklare fordi ei lita elv som renn forbi er litt for nær. Når heile det regulerte bustadfeltet vert utbygt, vil det bli fleire tomter tilgjengeleg i dette området.

Byggefelt på Nogva

Byggefeltet på Nogva

Så har vi byggefeltet på Nogva, som ligg på inste (austre) delen av øya innimellom eldre, spreidd bebyggelse. Dette er eit lite felt, og i skrivande stund er det klargjort med veg, vatn og kloakk for berre fire tomter (men sju fleire er prosjektert). På to av tomtene står det hus, slik at det per i dag er to ledige tomter her. Prisen for ei tomt er 70.000 kroner.

Som nemnt er det òg mogleg å få kjøpt ei bustadtomt av ein privat grunneigar, med då må ein ordne med ting som veg, vatn og kloakk sjølv.

Haram kommune kan svare på spørsmål om bustadtomter.

Sjå òg informasjon om private tomter.


Share