Det var Jon P. Flem og svogeren Peder J. Flem som bygde og starta Flems Møbelfabrikk i 1947/48. Lokalt vart fabrikken gjerne kalla Myrstad, kanskje fordi han låg på garden Myrane på Flem, eller kanskje kom namnet frå garden Myrstad på Stranda, der Jon starta møbelfabrikk under krigen, i lag med to andre.

Han hadde nemleg gått i snikkarlære på Stranda og i Sykkylven og arbeidde på fleire møbelfabrikker før han altså starta sin eigen på Stranda. Såleis hadde han både kunnskap om og erfaring frå møbelproduksjon då han flytta tilbake til øya for å ta over småbruket heime.

Bygging av fabrikk

Vel tilbake starta Jon å planlegge møbelfabrikk på heimgarden saman med svogeren Peder. Fabrikken vart bygt på marka nedom gamleskulen på Flem, på jorda til garden Myrane som Jon åtte. Ulikt dei fleste andre mindre industriverksemder på denne tida, starta produksjonen altså ikkje i kjellaren, men «på direkten» i nybygde lokale.

Årsaka til at dei tok sjansen på å starte med å bygge fabrikk, var sjølvsagt bakgrunnen til Jon. Han hadde den kompetansen som skulle til med omsyn til materialar og maskiner, produksjon og marknad osv., slik at «prøving og feiling» i kjellaren ikkje var naudsynt.

Fabrikkbygninga vart oppført av tyskebrakker som dei kjøpte på Dombås, demonterte og frakta med tog til Åndalsnes. Derifrå vart dei frakta med fiskebåten Husland, som tilhøyrde Jon sine svograr på Fjørtofta, til kaia på Longva. Tomt og murar stod klare, og brakkene vart montert.

Flems Møbelfabrikk

Flyfoto av Flems Møbelfabrikk. Gamleskulen rett bakom og heimen til Jon P. Flem ovanfor. (Klikk på biletet for større versjon.)

Etter innreiing av lokala og innkjøp av maskiner, kunne produksjonen starte. Det vart kjøpt inn både nye og brukte maskiner; dei brukte kom helst frå nærområdet.

Dei første møblane

Det som vart laga på Flems Møbelfabrikk den første tida var «salongar» – altså stolar og sofaer til bruk i stova. Desse produkta vart ikkje gjort heilt ferdige på fabrikken her. Dei laga treverket til møblane, lakkerte og polerte og fullførte alt trearbeidet.

Men trekking og stopping gjorde dei ikkje sjølve; det vart sett vekk til to fabrikkar som dreiv med møbeltapetsering – Ramstaddal Lenestolfabrikk i Sykkylven og Kortgård Konfeksjonsfabrikk i Fannefjorden, Molde. Der fekk stolar og sofaer naudsynt trekk, stopping og puter.

Komplett produksjon

I 1950/51 vart det bygt på ein 2. etasje med tanke på å få etablert ein konfeksjonsfabrikk. Dette lukkast ikkje; i staden vart ein møbeltapetserar tilsett slik at møblane kunne fullførast på staden. Såleis vart det no produsert heilt ferdige stolar og salongar på fabrikken.

Putene var det Kjellaug Flem, kona til Jon, som sydde. Med ansvar for hus og heim, fire born og drifta av småbruket, kunne ho trygt kallast dobbeltarbeidande, og vel så det.

Salong

Salong laga på Flems Møbelfabrikk på 1950-talet.

Produktutvikling

Design og utvikling av møblane vart for det meste gjort lokalt. Mellom anna vart øyrelappstolen utvikla av Paul Flem (son av medeigar Peder J. Flem), som arbeidde på fabrikken dei fire første åra.

Øyrelappstol

Øyrelappstol utvikla av Paul P. Flem

Etter kvart tok dei til å lage andre produkt, mellom anna nokre mindre stoltyper og nokre småbord med tre bein og ulike former på plata. Møblane vart selt både direkte til folk i distriktet og til møbelforretningar i Ålesund.

Det siste produktet som vart utvikla og produsert på fabrikken, var såkalla glidestolar, ein slags forløpar til kvilestolane. Ryggen og setet var hengsla saman slik at når ein la seg bakover i stolen, bikka ryggen bakover, og setet glei framover.

Det var nok mange heimar i nærområdet som hadde møblar frå Flems Møbelfabrikk i stova, og kanskje finst dei framleis i somme hus. Sikkert er det iallfall at etterkomarane av eigarane har teke vare på ein god del av produkta.

Trebeins bord

Bord med tre bein

Det kunne vere opptil åtte – ti personar som arbeidde på Myrstad på det meste. Dei fleste var fastbuande på øya, men i periodar var det òg tilreisande som kom for å jobbe på fabrikken.

Lynnedslag og brann

Det vart ei brå og dramatisk avslutning på Flems Møbelfabrikk då lynet slo ned 28. oktober 1959. Sjeldan har vel uttrykket «eksplosjonsarta brann» passa betre. Lokala var overtent i løpet av nokre minutt, og det var med nød og neppe folk berga seg ut. Det vert sagt at heile bygninga brann ned på ein time!

Brannen starta i lakkeringsrommet. Johan Longvastøl dreiv og lakkerte då lynet slo ned. Han fortel at lakkpistolen vart slått ut av handa hans, og han såg det briste av ei vifte som stod og gjekk. Så stod heile rommet med nylakkerte møblar brått i full fyr! Det var som ein eksplosjon.

Til alt hell stod døra til lakkverkstaden open, slik at Johan kunne springe rett ut i fabrikklokalet. Viss ikkje kunne han ha vore fanga i ei felle. Elden spreidde seg fort, og i løpet av nokre minutt stod heile bygninga i full fyr. Johan høyrde Jon rope frå kontoret i andre etasje; flammane hadde fått så godt tak at han ikkje kom seg ned trappa.

Oppe på kontoret såg Jon røyk og flammar kome opp langs ytterveggen. Han samla saman papir som låg på skrivebordet og la dei i det brannsikre dokumentskapet. Så sprang han til trappa til første etasje, men den var alt sperra av elden. Vindauget var einaste vegen ut. Johan, som hadde høyrt ropa, sprang til og fekk hjelpt Jon ned på bakken.

Brannvernet rykte ut med ei motorisert brannsprøyte som det var vanskeleg å få start på, og ei handdriven sprøyte med heller liten kapasitet. Sjølv om det var rikeleg med vatn i nærleiken, så monna innsatsen lite og inkje mot dei ville flammane. Ei motorbrannsprøyte kom òg med båt frå Austnes, men før den var på plass, var fabrikken nærmast nedbrent.

Reportasje i Sunnmørsposten

Reportasje i Sunnmørsposten 29. oktober 1959

Heldigvis kom alle seg ut i god behold, og ingen vart skadd. Men fabrikken brann ned til grunnen, og bortsett frå litt handverkty gjekk absolutt alt tapt – også mopeden til Karl P. Flem, som stod parkert ved inngangsdøra.

Unntaket var dokumentskapet, som overlevde eldhavet og varmen. Skapet kunne etterpå opnast utan problem, og papira var berre litt svidde i kantane, men elles fullt lesbare.

Det var eit svært lokalt torever som herja denne dagen. På Flem var det skybrot og styrtregn, og brannmannskapet henta vatn frå ein stor dam som regnet hadde laga like ovanfor vegen. Men lenger inne på øya fall det ikkje ein drope!

Merkbart tap

Brannen kom på det mest uheldige tidspunktet som tenkjast kunne. I andre høgda var det lagra mykje ferdige møblar som skulle sendast nokre dagar seinare, og fabrikken hadde fullt opp å gjere med tingingar for levering innunder jul.

Verksemda hadde ikkje avbrotsforsikring og heller ikkje var sjølve fabrikken fullverdiforsikra, så det vart eit stort tap for eigarane. Tap vart det òg for dei tilsette og heile bygda som miste desse arbeidsplassane.

Ny verksemd

Flems Møbelfabrikk vart ikkje oppattbygd. Etter brannen arbeidde Jon P. Flem andre stader i nokre år, mellom anna på ein møbelfabrikk på Lillehammer. Så vende han heim og bygde ein mindre fabrikkbygning på murane som stod att. Der hadde han dreiebenk og laga mellom anna lysestakar, skåler, vasar og oskebeger.

Dette kasta kanskje ikkje så mykje av seg, for i 1966 starta han med eggproduksjon i fabrikklokalet. Sidan bygde han på både nedover og oppover til den bygninga som står på staden i dag. I 1987 tok dottera Aud over hønseriet og dreiv det til ho avslutta dette i 1996.

Den andre eigaren, Peder J. Flem, gjekk tilbake til sitt gamle yrke som fiskar.


Namn på personar som arbeidde på Flems Møbelfabrikk:

Jon P. Flem
Peder J. Flem
Lars Fjørtoft
Ingemund Flem
Karl P. Flem
Kjellaug Flem
Paul P. Flem
Trygve Flem
Johan Gravem (frå Sunndal)
Ole Haddal (frå Haddal)
Ivar Hellebust
Lars O. Longva
Johan Longvastøl
Artur Rogne
Sigmund Sommer (frå Røros)
Sverre Uri

Kjelder/informantar:
Atle Flem
Aud Karin Rogne
Paul P. Flem
Sverre Drege
Johan Longvastøl
Sunnmørsposten 29/10-1959

Sjå fleire bilete av møblar laga på Flems Møbelfabrikk.


Share