Dette er ei samleside for verksemder som vi har lite informasjon om. Kjelda til opplysningane om dei to førstnemnde verksemdene nedanfor er «Det norske næringsliv – Møre og Romsdal fylkesleksikon» utgitt i Bergen 1953.

Vi er svært interesserte i meir informasjon om dei verksemdene som er nemnde her, samt opplysningar om heimeindustri/småindustri som ikkje er nemnt på desse sidene i det heile. Dette gjeld også bilete, som er svært verdfull historisk dokumentasjon.

Difor – sit du på opplysningar eller bilete, så gjer vel å ta kontakt på historie@nordoy.net.


O. Lidarende

Dame- og herreskredderi, skjortefabrikk

Firmaet vart starta i 1943 av O. Lidarende. Han hadde utdanning i faget både frå Volda, Oslo og Stockholm. Verksemda omfatta konfeksjonsfabrikk med produksjon av skjorter. Skjortene vart levert til Bergen og Vestlandet elles. Verksemda hadde eiga skreddaravdeling med utførelse av såvel dame- som herresaum. Rundt 1953 var der 8 personar i arbeid.


Kaspar Rogne

Konfeksjons- og skreddarforretning

Firmaet vart starta i 1952. Kaspar Rogne var utdanna i Ålesund og tok sveinebrev i 1951. Verksemda omfatta konfeksjon samt dame- og herreskredderi.


Share