Innspel frå personalet om Kvileheimen
Personalet ved Haram kvileheim på Longva møtte den kommunale ad hoc-komitéen som var på synfaring på staden 25. mai. Dei tilsette fekk legge fram sitt syn på den planlagde endringa av Kvileheimen og kva konsekvensar omlegginga etter deira meining ville få for eldreomsorga på øyane og arbeidssituasjonen for dei 15 fast tilsette pluss vikarane.
Alle representantane i ad hoc-utvalet fekk utlevert eit dokument med fyldig informasjon om korleis situasjonen kan bli om den planlagde endringa vert gjennomført.
Du kan lese heile dokumentet på kommunen sine heimesider, eller du kan laste det ned her.