Som dei fleste bygdelag på Mørekysten, byr også Flemsøy/Skuløy på mange og varierte kulturaktivitetar. Litt avhengig av korleis ein definerer omgrepet kultur, kan vi seie at kulturlivet her på øya spenner frå barnekor og blandakor via teater, musikk og idrett til bilmekking og hjortejakt.

For å ta musikklivet først, så har vi som nemnt både barnekor og blandakor, i tillegg til eit kyrkjekor. Her er vidare eit skulekorps («generasjonskorps» med både born og vaksne) og eit storband med full standard besetning. Nemnast må òg kulturskulen, som tilbyr opplæring på både piano, gitar og andre instrument.

Fleire av dei nemnde aktivitetane er i samarbeid med nabo Haramsøya, som vi har brusamband med. Det same gjeld nokre av dei følgjande aktivitetane.

Ungdomslaget Fram syter for at teaterkunsten på øya er høgst oppegåande.

Oliver Twist

Musikalen «Oliver Twist» – barneteatergruppa i UL Fram

Særleg barnegruppa er svært aktiv med mange medlemer. Dei har to faste oppsetningar i året på heimebane, og besøker ofte også andre bygder med forestillingar. Den vaksne teatergruppa er òg i bra aktivitet med ei fast framsyning kvar påske.

idrettsfronten er det fotballklubben HaNo som har størst aktivitet. Klubben har både dame- og herrelag, i tillegg til mange lag i aldersbestemte klasser – både for jenter og gutar. Andre idrettslege aktivitetar er i regi av Nordøy IL, som driv mest med trimaktivitetar av ymse slag.

Av andre aktivitetar og lag må nemnast motorklubben Seaside Custom, som har bygt sin eigen hall der dei bil- og motorglade kan halde til med hobbyen sin.

Elles har vi både sogelag, fotoklubb, skyttarlag og mange andre lag og foreningar.

Nemnast må òg dei to «kulturhusa» på staden: Framtun (UL Fram sitt eige hus) og Nordøy grendahus. Mykje av den kulturelle aktiviteten går føre seg i desse to bygningane.

Info om alle lag og foreningar på øya (ikkje komplett enno)

Share