Vi definerer «kultur» ganske vidt og romsleg, så kalenderen vil innehalde hendingar og aktivitetar over eit breitt spekter – frå kyrkjelege aktivitetar via idrett og musikk til motoraktivitetar og båtliv.

Gå til kulturkalenderen.

For at kulturkalenderen skal vere så nyttig og tenleg som mogleg både for aktørar og publikum, er det heilt avgjerande at planlagde aktivitetar og «events» blir meldt inn så snart dei er bestemt.

Gjer difor vel å tipse oss om komande hendingar, gjerne med opplysningar om tid, stad, kven og kva – til  kultur@nordoy.net

Tips: Ved å klikke på «Aktiviteter i» øvst til høgre på kalenderen, kan du velje månad.


Share