Ein Ole frå Maristagarden på Haram gifta seg med Kristianne frå Hansgarden på Rogne i 1876. Dei bygsla (og seinare kjøpte) eit stykke av utmarka til Jogarden på Longva som fekk namnet Sørstrand eller Mastøva – i daglegtalen kalla Mastolgarden. Det sistnemnde namnet kan vere ei samandraging av Mastøv-Ole.

Hus og heim

Kristianne fekk gamlehuset på Hansgarden som medgift, og det vart flytta og sett oppatt på Sørstrand. Seinare vart det bygt nytt stovehus, og det gamle vart gjort om til verkstad der alle slags ting som trongst i hus og på gard vart laga. Verkstaden heiter framleis berre «Gamlestøvå».

Sørstrand - Mastolgraden

Sørstrand – Mastolgarden ca. 1960

Som skikken var, tok Ole namn etter staden der han busette seg – Longvastrand. Han og kona fekk tre gutar. Den førstefødde, Karl, døydde berre ti år gammal. Nummer to heitte Ole, som saman med kona Marie frå Olagarden på Nogva fekk elleve born. Såleis er det stor slekt etter nybyggarane på Longvastranda.

Slipp og verkstad

Den tredje sonen heitte òg Karl. Han fekk mekanisk opplæring på Molde, der han også fann kona si, Therese. Rundt 1909 bygde han ein slipp og verkstad i fjøra på Longvastranda. Her tok dei opp fiskebåtar til vedlikehald og reparasjonar.

Slippen på Longvastranda

Slipp og verkstad på Longvastranda. Måleri av Oddvin Rogne etter eit foto ca. 1912.

Denne tida var ei brytningstid i fiskeria, og motoriseringa av fiskeflåten skaut fart. Det vart stor etterspurnad etter motorar og kyndige folk til å installere og halde dei ved like. Den første tida var det berre utanlandske motorar å få tak i, mest danske.

Motorproduksjon

Men etter at dei to første norskproduserte motorane var laga i 1903 (det var ein Finnøy og ein Wickmann), var det mange med mekanisk interesse, innsikt og kanskje opplæring som såg at produksjon av motorar kunne vere noko å satse på. Ein av desse var Karl Longvastrand.

Som nemnt hadde han fått mekanisk opplæring på Molde, og han også gjekk i lære med Nils Finnøy, som svært mange av dei som starta motorproduksjon eller annan mekanisk industri gjorde.

Sjølve kroppen eller blokka (støypegodset) til motoren som Karl laga, vart kjøpt frå Hjelset Motorfabrikk i Ålesund, som hadde støyperi. Motoren var elles ein einsylindra totakts semidiesel på 3 hestekrefter, som var det mest vanlege denne første tida.

Det er noko uklart kva tid Karl starta å lage motorar. Heller ikkje kor mange som vart produsert, eller kvar dei vart av, er det oppteikningar over. Dei vart kalla Longva-motorar, og vart truleg selt til fiskarar i nærområdet. Ein trerong som bar namnet «Ormen Lange» og høyrde til i Nystova på Rogne, hadde iallfall Longva-motor.

Longva - truskebil

Motoren på denne “bilen” er truleg ein Longva-motor, laga ca. 1910. Motoren er “klumpen” med svinghjul til venstre. Den stod først i ein båt, men vart seinare montert på denne farkosten og brukt til å drive truskeverk på gardane.
Foto: Elias S. Rogne

Det er godt mogleg at det var ein av deira eigne motorar som gav kraft til vinsjen som dei brukte å drage opp båtar med nede på slippen.

Ulykke på slippen

Men produksjonen av motorar varde ikkje så lenge, for ei tragisk ulykke hende på slippen på Longvastranda i 1913. Dei skulle drage på land ein båt (truleg Husdals-båten på Flem) med den motoriserte vinsjen. Ole, far til Karl, stod ved vinsjen for å styre vaieren på plass på trommelen. På ein eller annan måte huka kleda seg fast slik at han kom inn i vinsjen og vart ille medfaren.

Det vart sjølvsagt stor oppstandelse i Mastolgarden, folk sprang til og frå med forbindingssaker og andre rådgjerder, men det vart fort klart at Ole måtte på sjukehus om det skulle vere von om å berge livet hans.

Dette var før telefonen si tid på øya, så det tok ei heil stund å skaffe båtskyss til sjukehuset. Omsider fekk dei den skada mannen om bord i fiskebåten Skjold (Nymark-båten), og sette kursen mot Molde. Men då dei var komne aust om Rogneholmen, var det ikkje lenger liv i Ole.

Ny verkstad på Larsnes

Etter den tragiske ulykka reiste Karl til Larsnes og starta ny verksemd der i 1916. Han kjøpte ein holme av Karl Dalen (som for til Ålesund og starta bilforretning) og bygde slipp og reparasjonsverkstad for båtar slik som han hadde gjort i Longva-fjøra.

Holmen på Larsnes

Holmen ved Larsnes med slipp, verkstad og bustadhus. Måleri av Johs Ristesund.

Verksemda som Karl Longva starta har framleis adresse Holmen. Karl dreiv firmaet til han pensjonerte seg i 1949; då selde han til Eivind Vidnes frå Vanylven. Bedrifta skifta eigar ein gong til i 1951 då Oskar Hammer kjøpte den og skipa Hammer Mek. Verksted A/S. Han hadde tidlegare gått i lære hos Karl.

I 1981 kjøpte så Longva Mekaniske Verkstad i Gursken (Haugsbygda) verksemda og dreiv den vidare under namnet Larsnes Mek. Verksted AS. Marvin Longva*) var  dagleg leiar fram til 1986 og styreformann til 2013. Rostein AS i Sandøy overtok aksjemajoriteten i 2014.

Verksemda som Karl O. Longva(strand) starta i 1916 lever altså framleis i beste velgåande og er – i følgje heimesida deira – «ett av de ledende skipsverft innen fiskeriflåten i Norge».

*) Marvin Longva er soneson til Laurits K. Longva, som i 1907 flytta til Lepsøya og bygde oppatt Bøgarden på Kjerstad. Då han ikkje fekk løyve til å bygge slipp i fjøra, utvandra han til Haugsbygda i 1925 med kone (Kristina, f. Fjørtoft) og åtte born (den niande kom til seinare) og kjøpte ein mekanisk verkstad der. Far til Laurits var Kristoffer Jonsen Longva. Han var frå Neset (bnr 14) på Longva, men busette seg på Ulla.


Kjelder/informantar:
Ole J. Rogne: Artikkel i Haramsnytt (Nordre) 1997: Slippen på Longvastranda
Sandesoga
Heimesida til Larsnes Mek. Verksted AS
Lidvar Longva, Haugsbygda
Torbjørn Rekdal senior, Larsnes
Norvald Kjerstad: Fiskerfolk
Elias Rogne
Oddvar Rogne
Oddvin Rogne
Sindre Rogne


Share