Ludvig UriLudvig Uri voks opp i den vesle grenda Uri (i daglegtalen kalla Støene) på nordsida av Flemsøy/Skuløy. Han vart fødd 16. mars 1884 og døydde 23. desember 1907 på sjukehuset i Ålesund.

Han vart såleis berre 23 og eit halvt år gammal. Likevel rakk han å setje spor etter seg som forfattar og salmediktar.

Foreldra var Hans Jonson Uri og Severine Marie Olsdotter f. Rogne, og Ludvig var den yngste av dei sju borna deira.

Gåverik og lærenem

Guten viste tidleg at han hadde evner utanom det vanlege. Han hadde lett for å lære og likte å finne ut av ting. Læraren hans på folkeskulen, Karl Rogne, sa om han: «Eg hadde ikkje meir å lære denne guten! Slik vilje til å setje seg inn i alt mogleg har eg aldri råka korkje før eller sidan».

Sjølv om Ludvig kom frå små kår i ein fiskar- og småbrukarheim, vart det råd med vidare skulegonge etter folkeskulen. Først tok han handelsskuleeksamen, truleg i Ålesund, og deretter gjekk han middelskulen i Volda.

Lærar og student

Ved «minste alder» kom han inn på Volda lærarskule, og alt som 19-åring gjekk han ut derifrå med svært gode karakterar. Og då hadde han attpåtil hatt permisjon ei tid for å tene til livets opphald på torskefiske.

Etter lærarskulen fekk Ludvig lærarpost først i Nordland, og seinare på Modum. Etter to år som lærar hadde han lagt seg opp litt pengar og søkte seg inn på «Hauges Minde» i Oslo for å ta studenteksamen (examen artium). Men etter tre månader gjekk han tom for pengar og måtte bryte av studia og reise heim.

Etter ein lengre periode på heimtraktene der han truleg livnærte seg av fiske, ville han på nytt prøve å ta examen artium. I 1906 kom han så inn på «Hambros Skole» i Bergen og fekk sin studenteksamen der etter berre 9 månaders studietid. I fysikk fekk han karakteren S.tf. – «Særdeles tilfredsstillende».

Forfattar og diktar

Romanen som gjorde Ludvig Uri kjend både i samtida og for ettertida, «Evig fortabt» – ei livssoga, skal òg ha blitt til i studietida i Bergen i følgje «tradisjonen». Men det er ting som talar for at han starta å skrive på boka ein god del tidlegare, kanskje alt då han var lærar i Nordland.

Sikkert er det iallfall at boka låg føre ferdigtrykt då han tok sin eksamen i Bergen, og han hadde med mange eksemplar heim for å prøve å få selt romanen.

Boka vart omtala i Sunnmørsposten av redaksjonssekretær Olav Hatlemark som skreiv m.a. dette:

«Han er ung, mykje ung han Ura-Ludvig. Og han våga seg til eit vandt*) arbeid då han tok til å skriva denne boki. Han hev so visst ikkje skam av ungdomsarbeidet sitt. Eg vil råda øyfolket til å lesa boki. Dei vil kjenna seg att og skyna seg på denne skildringi av havet og mannen.»

*) vandt = vanskeleg

Sjøen, dagleglivet og vekking

Romanen har mellom anna framifrå skildringar av havet og fiskarlivet som Ludvig kjende så godt. Den er skriven i ei religiøs brytningstid med mykje vekkingskristendom som òg vert skildra fint og ekte, samstundes som han ser med eit kritisk blikk på dette miljøet og ikkje er redd for å seie det han meiner er rett.

«Evig fortabt» er også ei skildring av livet i Støene slik det var for godt og vel hundre år sidan. Sjølv om namna er endra, er det ikkje vanskeleg å kjenne att staden. Ein av hovudpersonane er ein kjenslevar gut med namnet Einar; kanskje er det Ludvig sjølv?

Salmen

Det er ikkje berre sjølve boka som har gjort Ludvig Uri kjend som forfattar og diktar, men òg ein salme som er del av teksten i boka. Mora til Einar ligg på dødsleiet, og han og ei syster sit ved senga. Mora seier då: «Bed, Anna!» Og dottera formar denne bøna:

Jesus, Jesus, ver du hjå meg,
stå ved lægjet, gå ‘kje frå meg
no mi avferd stundar til!
Lat ‘kje Satan meg få gjera
noko vondt, du meg må bera!
Det er heim til deg eg vil.

Jesus, gløym i nåde ordi
som eg i mitt liv på jordi
tidt hev tala deg imot!
Gløym alt vondt eg gjorde, tenkte,
det som tidt din kjærleik krenkte,
læk mi sjuke hjarterot!

Alt som vil mitt hjarta tyngja,
tak det bort, så eg kan syngja
fri og frelst min siste song!
Jesus, Jesus, gå ‘kje frå meg,
stå ved lægjet, ver du hjå meg
no eg sovnar siste gong!

Desse versa vart tekne inn i Nynorsk salmebok i 1925, til tone av H.O.C.  Zinck.

Studiar og sjukdom

Det laga seg så Ludvig kunne ta til som student ved Universitetet i Kristiania hausten 1907. Til semesterslutt før jul fekk han toppkarakterar både i filosofi og fysikk, noko som var heller sjeldsynt.

Det låg no til rette for ei lysande framtid for den unge studenten frå Støene. Så skulle han reise heim til jul, og sidan jernbanen ikkje var ført fram til Åndalsnes enno, tok han toget til Trondheim og hurtigruta til Ålesund.

Men på båten vart han så sjuk at han skalv, og det vert fortalt at ei dame breidde kåpa si over han. I Ålesund vart han lagt inn på sjukehus med «nervefeber». Åtte dagar seinare – på veslejulaftan 1907 – døydde Ludvig Uri, berre 23 og eit halvt år gammal.

Ludvig er skildra som ein hjartevarm, stillfarande ungdom, men òg som sterk og uredd. Boka hans fekk heiderleg omtale av fleire i samtida, og Anders Hovden skreiv både minneord og eit dikt om han etter hans bortgang.

Ungdomslaget «Samhald» fekk i 1908 reist ein minnestein på grava hans ved Haram kyrkje på Austnes. Der er det innmeisla:

«Her kviler student Ludv. H. Uri, 1884-1907. Dit liv var rigt og stutt. Høgt var du elska. Sårt er du sakna.»


Minnestemne

Den 24. juni 1984 skipa Haram kulturhistoriske lag til eit minnestemne på staden der Ludvig Uri var fødd vel hundre år tidlegare. Huset Ludvig voks opp i stod ikkje lenger, men eit nytt hus var kome opp på tuftene.

Mykje folk frå nær og fjern var møtt fram til minnestemnet, som var velsigna med godt ver.

Det var lagt opp til orienterande talar ved fleire personar, mellom andre formannen i Haram kulturhistoriske lag, Palmar Fjørtoft. Han vart imidlertid forhindra slik at sekretæren, Harald B. Haram, måtte tre inn i staden. Han fortalde om Ludvig Uri sitt liv og virke.

Dei andre talarane var styremedlem i HKL, Lars J. Nogva, som fortalde om historia til «Uren, gard nr. 5 i Haram», og dåverande sokneprest Gudmund Gjelsten, som snakka spesielt om den religiøse sida ved Ludvig og salmen som han skreiv.

I tillegg til talane vart det framført musikk av Flem skulekorps, mellom anna melodien til salmen «Jesus, Jesus, ver du hjå meg» som avslutning på minnehøgtida.


Kjelder:
Terje Aarset: Ludvig Uri (1884-1907). Eit kjeldeskrift. Redigert av Terje Aarset. Møre og Romsdal Distriktshøgskule, Volda, 1984.
Haram kulturhistoriske lag – skrift nr. 22
Lars Aanestad: Kristen sang og musikk. Band II, 1965


Share