Referat frå møte i Tilflyttingsgruppa 01.02.16
Til stades på møtet: Severin Longva, Kåre Flem, Uwe Kleinhans og Mette Krogsæter
1. Konstituering av gruppa
Vi innstiller Mette Krogsæter som leiar og Severin Longva som nestleiar i gruppa.
2. Nye medlemer
Gruppa treng nye medlemer for å ha fleire å spele på framover. Vi vart enige om å spørre nokre aktuelle kandidatar – og fordelte kven som skal spørje dei om dei vil vere med.
3. Diverse ang. Placement
a) Placement etterlyser aktuelle gardar som kan paktast eller kjøpast.
Vi vil ta eit uformelt møte (ein middag) med nokre av bøndene for å snakke om kva som kan gå an å få til.
b) Mette sender den siste presentasjonen (Van de Walle) til eit aktuelt firma for å høyre om det kan vere muligheter der.
4. Vidare arbeid med adresselistene over utflytta øyingar.
Vi vil be informasjonsgruppa om ei oversikt over alle som har likt Facebook-sida til Øyrådet, for å sjå om vi kan koble dette til adresselistene.
Referent: Mette Krogsæter