Som det meste av industriverksemder med respekt for seg sjølv, starta også Nogva Trevarefabrikk i ein kjellar, nærmare bestemt i kjellaren til Anna og Hans Nogva. For det var her sonen Olav tok til å lage treprodukt av ulike slag.

Kosteproduksjon

Kontorordnar

“Kontorordnar”

Under namnet Nogva Snikkarverkstad laga Olav mellom anna ein «kontorordnar», fiskesuler, skaft på verkty og meir. Men det produktet som etter kvart gav sysselsetjing til fleire personar og bra avkastning, var oppvaskkostar. Dei dreia skaft av tre og knytte tråd på enden av skaftet. Skafta var runde med ein firkant i enden, der dei saga eit spor som tråden vart festa i.

Tråden var laga av manillatau av den sorten som vart brukt på torskegarn. Olav kjøpte kveilar av utbrukt tau frå fiskebåtar, som så vart kappa og opptafsa slik at det vart litt mjukt. Kostane fekk det klingande namnet «slubbertar».

Fiskesule

Fiskesule

I tillegg til oppvaskkostane vart det òg laga skurekostar av ymse slag – slike som har buster på langsida og av og til i eine eller begge endane. Det vart bora mange små hol i eit trestykke og sett buster i hola. Olav konstruerte eit apparat som dei brukte til å trykke fast bustene ved hjelp av kjengar.

Det var i krigens dagar, då det var mangel på mange ting, at Olav Nogva starta snikkarverkstaden sin. Av kostar vart det produsert nokså store mengder, og Nogva-kostar vart «eksportert» til forretningar både i Ålesund og andre stader.

Bygging av fabrikk

Sjølv om lokala var små, var det jamt fire personar i arbeid med denne produksjonen i Gjerde-kjellaren. Forutan Olav sjølv, var det systra hans, Inger Nogva (Rogne), Dagfinn Nogva og Øystein Rogne. Etter at ny fabrikk stod ferdig nede i Nymark-fjøra i 1947, auka arbeidsstokken med tre-fire personar.

Nogva Trevare

Nogva Trevare slik fabrikken står i dag

Det vert fortalt at Olav ville bygge på fastlandet, men då vart svigerfaren (Ole Rogne) «galen» og sa han skulle få all den tomt han ville ha gratis på Nymarka. Og slik vart det at Olav bygde både fabrikk og bustadhus der.

Feiekost

Feiekost

Produksjonen av kostar heldt fram også etter at dei flytta inn i ny fabrikk. Det seier sitt om mengda som vart produsert at to mann stod ved kvar sin dreiebenk og berre laga kosteskaft. I tillegg til «slubbertar» og «skrubbertar», vart det her også laga både små feiekostar og langkostar. Busta på desse var av kokosfiber, som også i dag blir brukt til kostar, matter og tauverk.

Bunt kokostråd

Bunt med kokostråd

Eit anna produkt som vart laga på fabrikken som kanskje er mindre kjent, var kleshengarar. Gunvor Rogne (Flem) og Oddrun Rogne (Rakvåg) hadde arbeidet med å handpusse hengarane og å tre inn strengen som etterpå vart benda til krok. Mange tusen vart produsert.

Kleshengarar

Kleshengarar

Utvida produktspekter

Ved sidan av kostar og kleshengarar tok dei etter kvart til å lage vindauge og dører, som litt etter litt «utkonkurrerte» dei andre produkta. Seinare vart det òg laga trapper. Produkta vart selt både til folk på øya og til andre øyar og endå vidare.

Der var mange moderne maskinar i fabrikken, så som dreiebenkar, fres, pussemaskin, sager av ymse slag og meir. Men mange metodar og mykje av smart hjelpeverkty var heimelaga. Dei var kreative og flinke med hendene sine den tida.

I tillegg til den faste produksjonen vart det innimellom laga andre ting, gjerne på bestilling frå nærområdet. Det kunne vere kjøkeninnreiingar, bord, skap og andre ting. Det finst hus på Rogne som enno har kjøkeninnreiing intakt som er levert av Nogva Trevare.

Transport

Til andre øyar og fastlandet vart produkta som regel frakta med rutebåt. Til Fjørtofta vart det av og til også nytta «privat» transport, nemleg fiskebåtar. Når vindu, dører og trapper skulle til Fjørtofta, vart dei ofte sendt med fiskebåtar som kom forbi. Nokon frå fabrikken stilte seg då opp på kaia og vinka når dei såg ein fjørtoftsbåt. Somme tider fekk dei «napp», andre gonger ikkje. Dette var helst på laurdagar når båtane skulle heimatt til helga. Også rutebåten Legona var innom Nymark-kaia for å ta om bord ferdige produkt.

Å lage trapper var skreddarsaum, for dei måtte passe nøyaktig inn i trappeholet på huset der dei skulle stå. For å sikre at trappa vart heilt rett, vart det først laga ein slags modell i full storleik av gråpapir. Denne brukte dei så som mal og produserte trinna og dei andre delane etter malen. Både rette trapper og svingtrapper vart laga her.

Sjølv om plassen i den nye fabrikken var «uendeleg» mykje større enn i kjellaren, var der ikkje meir enn 7 – 8 mann i arbeid på det jamne. I periodar kunne der vere nokre fleire når det var mykje å gjere. Betalinga midt på femtitalet var rundt kr 4,50 pr. time.

Slutt på produksjonen

Rundt midten av 1950-talet tok denne industriproduksjonen til å minke, ikkje berre på Nogva Trevare, men hos mange andre fabrikantar òg. Etter krigen var det stor trong for mange slags produkt, og større og mindre fabrikkar «poppa opp» og starta produksjon særleg av trevarer. Men etter nokre år var marknaden metta, etterspurnaden minka og mange måtte gi opp. Nogva Trevare la inn årane i 1958.

Fabrikken står framleis i fjøra på Nymarka, men produksjon av betydning har det ikkje vore der sidan den altså opphøyrde seint på femtitalet.


Den fleksible trappa

Her må det leggast til at Olav Nogva frå 1970-åra og heile resten av livet (han døydde i 1997) arbeidde med trapper, men utan at der var nokon regulær produksjon i hans eigen fabrikk. Han utvikla eit heilt nytt og revolusjonerande konsept for å lage trapper og tok mellom anna patent på fleire teknikkar som var spesielle og spesifikke for desse trappene.

Så vart han også heitande Trappe-Olav på folkemunne.

Kort fortalt var det nye – og geniale – at trappene kunne «seljast over disk». Med den vanlege metoden måtte ein ta nøyaktig mål av trappeholet og skreddersy trappa etter det. Med denne løysinga kunne ein lage alle delane ferdig uavhengig av trappehol. Trappa kunne så monterast og tilpassast i kvart enkelt tilfelle.

Det næraste denne trappa kan seiast å vere produsert på fabrikken i Nymark-fjøra, er ei mengde modellar som Olav laga der og tenkte å plassere ut til forhandlarar, samt fleire demonstrasjonstrapper med ulike tekniske løysingar som han viste fram på byggmesser o.l.

Det vart produsert mange trapper av denne fleksible typen, men altså ikkje på hans eigen fabrikk. Ein del vart laga på Vestre orgelfabrikk på Austnes og innpå hundre eksemplar på Haram Møbel og Trevare AS. Også andre stader vart trappa laga, mellom anna på Skodje. Så det står ein heil del hus rundt i distriktet som har Nogva-trappa installert, fleire av dei her på øya.


Namn på folk som arbeidde på Nogva Trevare:

I kjellaren:
Olav Nogva
Dagfinn Nogva
Inger Nogva (Rogne)
Øystein Rogne

På fabrikken:
Olav Nogva
Peder Gamlem
Dagfinn Nogva
Laurits Nogva
Magnar Rakvåg
Bjarne Rogne
Gunvor Rogne (Flem)
Jonas Rogne
Oddrun Rogne (Rakvåg)
Oskar Longvastrand
Øystein Rogne
Noralf Rosenhaug
Knut Standal
Harald Uri

Informantar:
Karsten Haram
Dagfinn Nogva
Dag Torgrim Nogva
Oddvar Rogne
Trygve Rogne


Share