Nordøyvegen skal binde saman dei fem Nordøyane – frå Harøya i nord til Lepsøya i sør – til kvarandre, og til fastlandet.

Det blir tunnel frå Harøya til Fjørtoft og vidare til Flemsøy/Skuløy. Derifrå til Haramsøya er det bru frå før, og vidare til Lepsøya kjem det ein tredje tunnel. Frå Lepsøya vert det så bru til fastlandet (Skjelten).

Nordøyvegen

Nordøyvegen. Dei stipla linjene er undersjøiske tunnellar.

Heile Nordøyvegen er rekna til å koste rundt 3,2 milliardar kroner.

I mai 2015 gjekk Regjeringa inn for at det kan brukast sparte subsidiar – såkalla ferjeavløysingsmidlar – på vegprosjekt der ein kan ta vekk ferjer og andre rutebåtar. Såleis vil altså sparte subsidiar til framtidig ferjedrift og snøggbåt gå inn som ein del av finansieringa.

Perioden for å bruke ferjesubsidiar til finansiering av fylkesvegprosjekt er no utvida til 40 år. For Nordøyvegen vil dette utgjere om lag 2,8 milliardar kroner. Av anna finansiering kan nemnast 150 millionar på sparte kostnader med nye ferjekaier dei komande åra, kommunale tilskot og tilskot frå næringslivet i Haram og Sandøy, og bompengar.

Dermed er denne for øysamfunnet viktige vegen fullfinansiert. Det som står att av formelle ting er kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag (KS2) samt stortingsbehandling av søknaden om bompengefinansiering.

Bompengesøknaden vert truleg behandla av Stortinget våren 2016. Byggestart kan då bli utpå hausten 2016. Byggetida er berekna til om lag fire år.

Meir informasjon om Nordøyvegen her og her.


Share