Kven er «vi» som står bak denne nettsida?

Formelt sett er det Øyrådet for Flemsøy/Skuløy. Dette er ein organisasjon som arbeider for å utvikle øysamfunnet på viktige område som næring, bustad, kultur og trivsel.

«Øyrådet» vart oppretta etter eit folkemøte om bygdeutvikling for å «fremje utvikling og vekst på alle område i lokalsamfunnet», som det heiter i vedtektene.

Meir spesifikt kan vi nemne at det er informasjonsgruppa i dette øyrådet som har laga nettstaden og er ansvarlege for innhaldet. Øyrådet er organisert i arbeidsgrupper på ulike felt, og infogruppa er ei av dei (meir om Øyrådet).

I det større bildet er «vi» ei gruppe på om lag femti personar fordelt på ulike arbeidsgrupper, som såleis utgjer den aktive delen av Øyrådet. Mange fleire av bygdefolket har teikna medlemsskap utan å vere med i ei gruppe.

Viktige saker som vi engasjerer oss i er arbeidsplassar og næring, bustad, trivselstiltak av ymse slag, tilflytting frå inn- og utland og heimflytting av utvandra øyingar.

I desse sentraliseringstider vil vi skape ei motvekt til flyttetrenden frå utkantane inn til sentrale strøk. Vi vil synleggjere dei gode kvalitetane på bygda, vise at her er mange muligheiter for arbeid og næring, og tilby eit alternativ til folk som ønskjer å byte ut bylivet med frisk luft, flott natur og eit trygt og roleg miljø.

For meir informasjon om «oss», sjå gjerne sidene Infogruppa og Øyrådet.


 

Share