Dersom du helst vil overnatte innandørs, og ikkje har kjentfolk å ta inn hos, er Gunnabuda staden som tilbyr overnatting for farande folk her på øya.

Gunnabuda

Gunnabuda

I tidlegare tider vart det produsert varer basert på råstoff frå sjøen i denne sjøbua, men i løpet av dei siste par-tre tiåra er ho blitt restaurert og sett i stand til festlokale, møterom og altså overnatting. Der er 4 soverom med til saman 9 sengeplassar inne i sjøbua.

For å auke overnattingskapasiteten, er det blitt bygt tre hytter med totalt 20 soveplassar like ved. Alle hyttene har bad, kombinert kjøken/stove, TV og internett.

Heile anlegget ligg ved sjøen, og Gunnabuda tilbyr mange sjøbaserte aktivitetar for sine gjester – som fisking, havpadling, tur med «ekte» vikingskip m.m.

For nærmare opplysningar om overnatting og andre tenester Gunnabuda tilbyr, gå til heimesida deira.


Share