Øya

Av Einar Nedregotten
Gjengitt i «Nissen» 17. mai 1938

Ho låg der so fager øya,
ein kveld eg såg ho slik:
ho låg der seg spegla av måneskin
og såg liksom drøymande ut.
Og fjorden låg blank som ein spegel,
som tjørni den stille natt,
og myrke skuggar rår.
Ja slik såg eg øya vår.

Men øya er ikkje alltid fager
som når vinden stilnar ved solarglad.
Når hauststormen rundt novi jagar,
med isnande sno frå nord.
Når båra reiser seg stor og blå,
ho bryt med ofse mot “Flemsgeita” då.
Og havet syng då sin sigersong
lik ein slått av eit rusta spel.
Ja slik såg eg øya i storm!

Ein gong for farne dagar og år,
var øya kransa av skog,
mektig var skogen som voks her då.
Me kjempestore røter i myrar kan sjå,
skogen vart rana og brend.
Den svarte oska på stubbane stend.
Kvifor gjorde dei det i den farne tid?
Ja slik var øya vår då.

Bak øya ligg Uri, ei ven lita bygd,
med vikar, bukter og skjer.
Og ovanfor heng Skulen, det fjell som er størst
av dei som øya vår hev.
Og når sunnanvinden leikar so svalt
kring knausar og skar
ligg bygda i livd for vinden,
og er som paradiset ved solarglad.
Ja slik er ho øya vår.

Flem heiter bygdi og ytst ho ligg,
ut mot havet so stort og so blått.
Eia og Gula hev stormane stridt,
når om hausten dei kvein i frå vest.
Brusen frå havet vert songen so jamn,

og aldri han tagnar ein einaste grand.
Men når sumarkvelden legg seg døkk og still,
og tungalda rullar sakte mot stranda inn,
då er der vakkert og fint å bu.
Ja slik er ho øya vår.

På midten av øya ligg Longva
med posthus, krambud og kai.
Ovanfor stend fjellet høgreist og bratt
og med ei li som er pynta av kratt.
Fjellet gjev livd for vinden
når i frå nord han stormar so tidt.
Noko av bøen er bakkut,
langstrakte bakkar og hell,
men jordi er velstelt og flidt.
Ja slik er ho øya vår.

Rogne er flatlendt, vidstrakt og breidt.
Og med gardar so store som få,
der er ei mangel på åker og eng,
mest alt er velstelt og rudt.
Men verhard er staden, der lite er livd.
Og når stormen kvin og hyler som best,
det er over “Mulen” i retning nordaust.
Ja slik er ho øya vår.

Og so skal me nemna Nogva
som inst på øya vår ligg.
Bygdi er fager, ja det må du tru.
Og stod du ein kveld medan soli gjekk ned,
du skodar so vide i kring.
Du såg kanhende eit skip der det for,
der inne i leidi, med røykstripa stor.
Og då vil du sanna at her var det fagert og fint.
Ja slik er ho øya vår.

Me elskar deg øya der ut mot havet du ligg,
ut mot båar, fluder og skjer.
Trass at mang ein storm hev nok herda deg,
og mangt eit saltgrått sjødrev hev vaska deg.
Det vert gløymt når om våren me spirane ser.
Me stundar mot sumar med himmel so klår.
Me elskar, elskar deg øya vår.

Share