Øyrådet for Flemsøy/Skuløy vart formelt skipa 25. februar 2015. I følgje vedtektene skal det arbeide for
«å fremje utvikling og vekst på alle område i lokalsamfunnet for å sikre at øya også i framtida skal vere eit livskraftig samfunn».

Øyrådet er organisert i seks arbeidsgrupper med eit styre på toppen. Gruppene skal arbeide på seks viktige område:

  • arbeid/næring
  • bustad
  • informasjon
  • tilflytting
  • trivsel
  • økonomi

Gruppene vel sjølve leiar, nestleiar og skrivar. Leiarane i gruppene er faste medlemer i styret, og nestleiarane er varamedlemer. Styreleiaren vert valt direkte av årsmøtet.

Arbeidsgruppene er stort sett sjølvgåande. Dei arbeider etter ein instruks som gruppa har ein viss innverknad på, men som styret skal godkjenne. Gruppene tek initiativ og set sjølve i gang prosjekt innanfor rammene av instruksen. Leiarane rapporterer så om aktiviteten til styret.

Instruksane for alle gruppene og styret kan du sjå her.

Styret sitt ansvar er å leie og samordne aktiviteten i Øyrådet og sjå til at alle arbeider mot vedtekne mål.

Sjå heile styret for 2015.

Øyrådet er registrert i Brønnøysundregistra med organisasjonsnummer
915 067 689.

For meir informasjon om og frå styret og dei enkelte arbeidsgruppene, gå til deira respektive sider via linkane oppe i høgre kolonne.

Epostadresser og andre kontaktopplysningar finn du på denne sida


Share