Rock i havgapet for over 700!
Kva er sjangsen for sol og varme og vindstille ute på kanten av landet? Sjangsen for at knotten er ein annan stad, sjangsen for at folk er på vandring ut mot Ulla fyr for å kose seg med rock og festival i t-skjorte? Sjangsen for ei topp natt med god musikk? Vel, at alt skulle slå til på ein laurdagskveld sist i juni, er det nesten berre superoptimisten som ville våge å satse si krone på. Tru det eller ei, ei satsa krone ville gjeve kjempegevinst. Alt klaffa for Havgaprock. Sola skein og vinden løya, knotten hadde anna å gjere og musikk og trommer var gymnastikk for våre trommehinner. Lyd som bestillt. Praktiske detaljar, mat og drikke fungerte både for gane og mage. Toalettkøa var til å leve med.
Ute på kanten av landet
Ein av utøverane var imponert over at ein kunne samle så mykje folk ”In the middle of nowhere”. Å vere i eit eventyrlandskap med solnedgang og utsikt i 180 grader. Sola duppa ikkje i havet før i halv 12 tida, og duppa opp før vi kom oss heim. Landskapet tok pusten frå mange. Magisk.
Rock
Fem grupper og ein rapper stod for musikken i kvelden og på natta. Fått heim litt dyrare orkester enn tidlegare, seier Preben Austnes Lorgen, men har også gode lokale krefter til rockelskarane. Orkesteret Skog starta festivalen med låtar med tekstar omsett frå engelsk til sunnmørsk. Waves vert sjølvsagt til bølger. Ole Nogva, Vegard Johanson og Sondre Skogen har spelt i lag i 4 år og har nyleg gjeve ut låten ”Bukett” på diskett. Fin opning på konserten. Nok eit lokalt band, Chivas med Hans Jørgen Hjelle, Arne Martin Harnes, Egil Davik og Stian Haram fekk ytterlegare opp stemninga. Dette bandet har holdt koken i 15 år, sjølv om dei har vert litt av dei siste 3 åra. Men no er det slutt seier dei – men vi merka eit lite atterhald.
Pikekysz frå Ørsta spelar poprock. Dei har spelt i lag i 3 år. Mariann Humberset, Jarl Krohn, Mathias Blichfeldt, Thomas Vinjevoll og Bendik Hustadnes. Sistnemnde vikar for Nils Dragnes denne helga. Vokalisten Mariann Humberset, som også har budd i Brattvåg, seier at dei har spelt mest lokalt, men skal no ut på turne til Bergen og Stavanger.
Tungrock
Gruppa Per Gynt har eksistert sidan 1995. Dei spelar blytung bluesrock. Brei internasjonal erfaring med worldwide turnering. Dei 4 musikarane, Peer Taraldsen, Lars Hyldmo, Ingar Frelsøy og Lars Fish, kjem frå Nord Trøndelag og Haramsøy var ny plass for dei. Siste gruppe har adresse Oslo, Circus Maximus med Lasse Finbråten, mats Haugen, Truls Haugen, Michael Eriksen og Glen Møllen er eit band som spelar progressiv metal. Men også litt pop.
Rapp
Sistemann på scena. Isak Shorty (Isak Kvamme – 18år) frå Ålesund. Har holdt på med musikken i 2 år, og i år er han vinnar av Musikkprisen. Ein litt roleg avslutning på ein lydmessig sterk kveld. Isak hadde sin produsent og hypeman, Halvard Ivarjord, med på scena.
Vellukka festival
Preben Austnes Lorgen er godt fornøgd. 640 selde billettar. Ca. 70 hjelparar har stått på både i kveld og i framkant av konserten. Har etter kvart fått erfaring med å arrangere, så ting går litt lettare.
Olav Skarstein