Leiar/kontaktperson: Trond Ravnestad
Epost: ravnestad@hotmail.com  Telefon: 90 01 45 21

Heimeside: www.seasidecustom.com

Seaside Custom er ein klubb for alle motorinteresserte. Vi held til på Flemsøy/Skuløy og Haramsøy, med eige klubblokale på Rogne. SSC har ein medlemsmasse på ca. 120 stk, men ikkje alle medlemmane er like aktive.

For SSC nyttar det ikkje å opprettholde ein klubb som omfattar berre ein type køyrety, eller eit spesielt merke, til det er tilhøva for små. Derfor er Seaside Custom åpen for alle typar køyrety, noko som skapar eit stort mangfald i klubben.

I Seaside Custom er det interessa og felleskapet rundt det motoriserte som står i fokus, og takhøgda er stor!!

Kvar tysdag, gjennom heile året er det garasjekveld i lokala våre på Rogne, og du er hjarteleg velkomen til å ta turen innom. Vi har det ”fole” kjekt!!

Årleg arrangerer Seaside Custom vårslepp, 17. mai cruising, åpen garasje, dekkskiftdag vår og haust pluss jevnlige cruisingar gjennom sommarhalvåret, og du er hjarteleg velkomen til å delta!

Det heile starta då nokre av dagens medlemmar traff kvarandre under ein ”festivitas” på Rogne.
Der viste det seg at alle hadde eit bilprosjekt på gang, men ingen hadde nokon plass å halde til med dette.

I etterkant vart det arrangert fleire møter der ein kunne diskutere hobbyen i fellesskap, fleire kom innom og vi skjøna at vi ikkje var åleine om å ha denne motorinteressa. Vi starta arbeidet med å finne eit eigna lokale som ein kunne leige. Eit gamalt fjøs på Rogne vart løysinga, og dugnaden med å ruste det til ”mekkelokale” kunne starte.

Sidan den spe begynnelse (etableringa) i 2003 og fram til 2009, holdt Seaside Custom hus i den gamle fjøsen på Rogne, men i 2009 starta vi bygginga av vårt eige klubblokale – Seaside Custom-hallen på Rogne. SSC har lagt ned utallige dugnadstimar på dette klubblokalet, som er ein samlingsplass for motorinteresserte på øyane og omegn.

I SSC-hallen finn du eit stort fellesområde med 2 stk løftebukkar, sveiseapparat, platesaks og plateknekke, presse og valse, samt anna kjekt å ha felles utstyr. Du kan også leige deg garasjeplass for større jobbar eller restaurering.

Ynskjer du å ha tilgang til SSC hallen eller bli ein del av dette miljøet, så er det berre å bli medlem i Seaside Custom.


Share