Som så mykje anna industri – ikkje minst på møbelsektoren – starta også Vang Industri som heimeindustri. Som oftast var det i kjellaren produksjonen kom i gang, men i dette tilfellet starta det faktisk på loftet!

Gründeren, Anton Flem (1891 – 1983), budde oppe på «kvisten» på Børstova på Flem, der han innreidde seg ein liten verkstad for å drive med trearbeid. Av utstyr hadde han bandsag, dreiebenk og ein elektrisk høvel.

Lysekrune Anton

Denne lysekruna av Anton Flem hang i salen på ungdomshuset på Longva.

Her på verkstaden laga han ymse treprodukt, mellom anna så ulike ting som lysekruner og ski. Han var ein dugande treskjerar og skar ornament som andre møbelfabrikantar kjøpte og brukte til pynt på sine produkt.

I ungdomen gjekk Anton Flem kunst- og handverksskulen i Kristiania – ein heller sjeldsynt luksus for bondesøner frå «den ytterste nøgne ø». Etterpå arbeidde han på eit arkitektkontor i Kristiania i nokre år, men etter ein periode med alvorleg sjukdom, reiste han heimatt i 1920.

Heime heldt han kurs i sløyd og treskjering i ungdomshuskjellaren på Longva, og mange laga seg mellom anna senger. Seinare kom fleire av kursdeltakarane til å arbeide for Anton både på «Bryggja» og Vang.

Frå loft til sjøbu

Etter kvart vart «kvisten» i Børstova for liten, og hausten 1940 vart produksjonen flytta ned i Rimmebuda, ei stor sjøbu som låg i fjøra nedanfor nausta ved noverande småbåthamn på Flem. Fleire folk vart tilsett og produksjonen auka. Av ting som vart laga, kan nemnast mellom anna krakkar, stolar, lysekruner, lampettar og ølbollar. Materialtørkeri var det i Børstov-naustet.

Rimmebuda ("Bryggja")

«Bryggja» (Rimmebuda) stod om lag der naustet til venstre står (fotomontasje).

På lysekruner og lampettar var det mykje utskjeringar, og stolar og andre møblar vart pynta med ornament som vart utskorne for hand. Såleis var treskjering ein viktig del av produksjonen, så kurset i ungdomshuskjellaren kom til god nytte. Av dei rundt ti tilsette hadde jamt to mann arbeid med utskjering, men i periodar kunne det vere så mange som 5 – 6  mann som gjorde dette.

Seinare tok dei til å produsere stablestolar, som var noko heilt nytt. Rygg og sete var av kryssfiner, som kunne formast slik ein ville. Det var kaféar og forsamlingshus som kjøpte desse stolane. I Kristiania kom Anton i kontakt med Harald Krogsæter (frå Krogsætra på Vatne) som seinare fungerte som agent og skaffa mange kundar og ordrar.

Somme av maskinene som var i bruk på «bryggja» var delvis heimelaga, som fres, boremaskin og pusseband. Men det kom òg «kjøpemaskiner» til etter kvart, mellom anna bandsag og opprettshøvel.

Lakkering vart utført med sprøytepistol på loftet av sjøbuda – utan lufting. Til tynnar for lakken vart brukt denaturert sprit sidan det ikkje var noko anna å få tak i, og det hende at lakkmannen gjekk heim etter arbeid meir glad og lykkeleg enn normalt, vert det fortalt.

I krigens dagar gjekk produksjonen for fullt, for no kom ei ny kundegruppe til: tyskarane. Dei skulle òg ha møblar. Etter kvart som arbeidsmengda og arbeidsstokken auka, vart det trong for større lokale, og Anton tok til å sjå etter ei høveleg tomt å bygge ny fabrikk på.

Ny fabrikk

Han kjøpte først eit stykke ovanfor Monsnaustet på Flem, men kom til at det var betre å plassere fabrikken lenger inne på øya med tanke på at det skulle vere rimeleg arbeidsveg for alle arbeidarane. Dermed kjøpte han rett etter krigen ny tomt av Jon J. Longva på ytste Longva, like ovanfor noverande Rolls-Royce.

Der stod så nye lokale for Vang Industri ferdig i 1947. Med 5 års røynsle frå arkitektkontor i Oslo, teikna Anton sjølvsagt fabrikken sjølv. Han stod også føre bygginga, som vart gjort delvis på dugnad – først og fremst av Børstov-karane (Elias Flem (bror til Anton) og fire søner). Men også dei som arbeidde på Rimmebuda var med på bygginga.
Vang Industri

Tomta til fabrikken vart spadd ut med handemakt. Støypesand henta dei i fjøra. Sanden vart køyrt med hest og vogn til byggeplassen, for det meste på dugnad. Så å seie alle gardbrukarane på Flem var med på dette, vert det fortalt.

Tilbygget oppover, som husa materiallager og tørkeri, kom til seinare. Bygningane står der like fine i dag og det er framleis industriproduksjon i lokala, men no i regi av av Rolls-Royce.

Fabrikken var bygd i to høgder, men andre-etasjen var mindre enn grunnplanet. Produksjonen gjekk føre seg nede «på gølvet», medan det i 2. etasje var kontor og seinare også systove. På det meste arbeidde der rundt 15 personar på fabrikken. Timeløna dei første etterkrigsåra var 75 øre for «konfirmantar» og mellom 1,50 og 2 kroner for dei meir røynde.

Kinostolar

På Vang heldt dei fram med å produsere om lag dei same tinga som vart laga på sjøbuda. Men i 1948 var Anton Flem ein tur til England, der han gjekk på kino og opplevde «ekte» kinostolar. Han skjøna straks at dette kunne vere noko å lage heime og studerte stolane nøye og tok med seg opplysningane tilbake til Noreg.

Kinostol frå Vang

Kinostol anno ca. 1950 frå Vang Industri

Dermed kom produksjonen i gang av det produktet Vang vel er mest kjend for – kinostolar. Frå starten i 1948 og over ein periode på om lag 17 år, spreidde dei kinostolar utover mesteparten av landet – frå Svalbard og Vadsø i nord til Mandal i sør, Bergen i vest og Trysil i aust.

I denne perioden leverte Vang stolar til kino- og teaterlokale i om lag 70 byar og tettstader og var ein periode den største produsenten i landet av slike stolar.

Den aller første serien av kinostolar, eller klappsetestolar som dei vart kalla, vart levert til Sandefjord Teater i 1948. Serie nr. 2 gjekk til Kristiansand Misjonshus, også i 1948, og den tredje serien til Porsgrunn rådhus i 1949. Dette året vart det òg levert stolar til Drammen kommunale kino, Ålvik kino i Hardanger og Årdal kino. I “toppåret” 1951 vart det produsert og levert kinostolar til heile sju stader, deriblant Svalbard kino i Longyearbyen.

I Oslo vart det installert stolar frå Vang Industri på Scala, Edderkoppen, Chat Noir, Klingenberg, Saga, Victoria, Eldorad, Gimle og Parkteatret. Dessutan på galleriet på Colosseum kino. Konkurrenten som leverte stolar i hovudsalen, Eidsvold Møbelfabrikk, makta ikkje å passe stolane inn i alle vinklar og bogar på galleriet.

Sand og jern i stolsetet

Når vi reiser oss frå ein kinostol, går setet automatisk i loddrett stilling. For å få dette til den første tida, vart det fylt sand i eit bur på bakenden av stolsetet. Det var altså vekta av sanden som gjorde at setet bikka opp. Dei henta sand i fjøra, tørka den og fylte i bura. Men sanden laga litt raslelyd når seta gjekk opp eller ned, så seinare vart det brukt småstein pakka inn i vatt. Sidan gjekk dei over til jernlodd som vart godt festa. Bly vart for dyrt.

Ei betre løysing kom då det vart laga ei mekanisk anordning med fjørsystem som fekk setet til å gå i loddrett stilling. Innretninga vart konstruert og produsert på Kåre Rogne sin mekaniske verkstad og var pønska ut i fellesskap av han og Anton Flem. Alt av metall på stolane vart laga på verkstaden til Kåre, så han vart ein betydeleg underleverandør til Vang.

Transport

Frakt av fleire hundre kinostolar var eit kapittel for seg. I tida med sand i stolseta laga dei små seriar på 4 – 5 heilt ferdige stolar som hang i hop. Desse «klumpane» vart så pakka inn og lasta om bord i båt og seinare på lastebil om dei skulle til innlandet. Vel framme i kinosalen vart småseriane sett saman og festa til kvarandre.

Seinare, etter at løysinga med fjørsystem på seta var på plass, pakka dei stolane i delar (sete, rygg og vangar) kvar for seg, og både pakkinga og fraktinga vart dermed mykje enklare.

Sidan fabrikken låg på ei omflødd øy, måtte båt brukast til transport. Til stader ved kysten kunne fraktebåtar gå med stolane heilt fram, elles var det båtfrakt til fastlandet og biltransport derifrå.

Til kinoen i Kristiansund var det fiskebåten Langstein som frakta stolane, og til Park kino i Ålesund var det Aarvaag som gjekk.

Etter at rutebåten vart avløyst av bilferje i 1963, starta ein ny transportæra, for heretter var det bilane til Uhlens Transport som frakta kinostolane til sin nye heimstad.

Montering

Når stolane var vel framme i ein kino- eller teatersal, skulle dei setjast på plass i lokalet og monterast fast. Dermed måtte nokon av arbeidarane – som regel 3 – 4 mann pluss Anton sjølv – bli med flyttelasset for å gjere den jobben. Såleis fekk mange av «Vangsgutane» vitje ei heil rad av byar og tettstader og vart svært så «bereist» og godt kjent i heile fedrelandet.

Avslutning

Eitt av dei siste setta med kinostolar vart levert i Stamsund i Lofoten i januar 1965. Det var Petter M. Flem som var der frå Vang og monterte stolane med ein lokal mann som medhjelpar. Mange år seinare var han på båttur dit og oppsøkte lokalet der stolane var plassert. Kinodrifta var slutt, men stolane stod der «akkurat like fine». Det er Teater Nor som eig kinobygget i Stamsund i dag (2017). Dei har følgjande omtale av stolane:
«Det er nydelig håndtverk og veldig god kvalitet, til og med på trekkene. Vi har mye besøk og får mye skryt av stolene våre, og Riksantikvaren er veldig fornøyd med at vi har beholdt dem.»

Mot slutten vart stolar leverte til Rørvik og Grimstad, begge i november 1965. Den aller siste serien gjekk til Parkteatret i Oslo i august 1966. Det var no lite tingingar av kinostolar frå Vang Industri, og Anton Flem var blitt 75 år gammal, så det vart bestemt å avslutte drifta. Grunnen til “ordretørken” var tredelt: agenten i Oslo, Harald Krogsæter, som hadde vore ein aktiv og dugande seljar i mange år, var agent for andre fabrikkar som laga andre produkt, og dei siste åra tok sal av stolar til skular o.l. mesteparten av tida hans. Attåt kom at konkurransen frå andre fabrikkar auka, og stålrørsstolar, som var billegare og kanskje også sterkare, kom i vinden. Dessutan starta fjernsynet med ordinære sendingar frå tidleg på 1960-talet, noko som førte til større varsemd med å investere i kino.


Les òg om skogreisingsmannen Anton Flem.

Namn på folk som arbeidde på sjøbuda og på Vang:

Sjøbuda:
Einar E. Flem
Elias K. Flem
Jon O. Flem
Kristoffer Flem
Olav E. Flem
Olav P. Flem (Rimma)
Ole P. Flem
Per E. Flem
Sigmund Flem
Harald Hansen
Jon Hansen
Egil Helle
Kåre Klokk
Karl M. Longva
Jon J. Longva(bakk)
Per J. Longva
Bjarne Longvanes
Einar Nedregotten
Knut Nogva
Asbjørn J. Rogne
Kåre J. Rogne
Arne Uri

Vang:
Hans Djuvik
Aslaug P. Flem (Rogne)
Einar Flem
Kristoffer Flem
Kåre S. Flem
Lars J. Flem
Olav P. Flem
Per E. Flem
Petter M. Flem
Petter O. Flem
Oskar Flem
Svein B. Flem
Synnøve A. Flem (Skulstad)
Åse A. Flem (Olsen)
Harald Hansen
Karsten Klokk
Kjellrun Klokk (Flem)
Kåre Klokk
Bjarne Longvanes
Olav S. Longva
Paul M. Longva
Petter F. Longva
Svein P. Longva
Øystein Moe (frå Vikna i Trøndelag)
Knut Nogva
Artur Rogne
Per Sylte (frå Malmefjorden)


Kjelder/Informantar:
Dokument etter Vang Industri og Anton Flem
Einar E. Flem
Petter M. Flem
Harald Hansen
Kåre Klokk


Share