Flem Vel

Leiar/kontaktperson: Knut G. Flem
Epost: knut.g.f@online.no  Telefon: 901 09 296

Flem velforening vart skipa 27.01.89. Då kommunen tok over Flem vassverk, gjekk overskotet i vassverket inn i velforeninga som grunnkapital. Vi har ca. 70 medlemer (husstandar).

Flem Vel jobbar med trivselstiltak av ymse slag. Av tiltak som har vore gjennomført, kan nemnast oppsetjing av busskur (i samarbeid med vegvesenet), utsetjing av benkar og bord langs turstiar, oppsetjing av gatelys. Vidare har vi laga parkeringsplass i tilknytning til badestranda i Vikane, og i samarbeid med Nordøy IL laga rasteplass ved bruvegen.

I ein årleg ryddeaksjon vert det rydda og plukka rusk frå fjøre til fjell. Tidlegare vart det arrangert ein del subsidierte bussturar for medlemene, men det har det vore lite av dei seinare åra. Laget har stillas, tilhengar og vedkløyvar til gratis utlån for medlemene.

Saman med Longva Vel set vi til kvar jul opp eit juletre ved Coop-butikken.


Longva Vel

Leiar/kontaktperson: Severin E. Longva
Epost: el-long@online.no  Telefon: 901 74 941

Longva Vel er ei velforening som skal skape trivsel i bygda. Den vart skipa i 2004. Vi har eit medlemstal på 39 hustandar – ca.120 personar.

Kvar vår har vi ein ryddeaksjon for å få vekk rusk og rask, som vert avslutta med god mat og godt samvær. For tida held vi på å opparbeide ein tursti i Djupedalen.

Laget har eit partytelt til utleige. I samarbeid med Flem Vel ordnar vi med juletre ved COOP Marked Longva kvart år.

Birgit Oline Kjerstad har ei Facebook-side der ho legg ut info om Longva Vel.


Share