Med tre – fire småbåthamner rundt om på øya ligg det godt til rette for aktivitetar på sjøen. For den som har båt er det sjeldan vanskeleg å skaffe seg kokefisk. Eller ein kan fiske med stong frå land. Også krabbe er her mykje av, og sjølv ein «havets kardinal» går i teina ein gong imellom (utanom fredingstida, sjølvsagt!).

Stongfiske på Klubben

Stongfiske frå svaberga gir både matauk og ro i sinnet

Det er òg gode forhold for padling og segling i farvatna rundt øya her. Ein tur ut på sjølvaste havet med kajakk er mogleg – gjerne med førebuande kurs i samarbeid med Gunnabuda. Og likar du segling, er her ofte perfekte vindforhold for kortare og lengre turar.

For ikkje å snakke om aktivitetar i sjøen. På fine sommardagar er det eit yrande badeliv mange stader – ikkje minst på den flotte sandstranda i Vikane.


Sandvika ligg i eit naturskjønt område rett ut mot havet og innbyr til bading, soling, grilling og utekos heile dagen.

I stille ver kan det gi ro i kropp og sjel å la augo vandre utover det blå havet. Og når det står mot land i vind frå vest og sjøsprøyten høgt til vers, kan naturkreftene vere eit imponerande og flott syn.

Krabbe Krølle

Klikk på bildet for å sjå fleire dykkerbilder

Sist, men ikkje minst, må nemnast dykking blant sjølivets gleder. Med reint og klart vatn er sjøen rundt øya eit eldorado for utforsking og oppleving med våtdrakt, maske og luft på flaske.

Like over brua til naboøya ligg Ulla Havsportsenter, som kan tilby mange fasilitetar for dykking og annan sjøsport.


Share