Vevstolar

Nybyggaren på Sørstrand (Mastolgarden) på inste Longva, Ole Haram (Longvastrand), hadde to søner som voks opp. Den yngste av dei var Karl, som reiste til Larsnes og grunnla i 1916 det som i dag er Larsnes Mek. Verksted AS. Før det laga han Longva-motoren, og denne historia kan du lese her.

Den andre sonen til Ole frå Haram som levde opp, heitte også Ole. Han gifta seg med Marie frå Olagarden på Nogva, og saman fekk dei elleve born.

Ein av dei elleve fekk namnet Karl. Han og broren Harald starta å lage vevstolar like etter andre verdskrigen og heldt det gåande med vevstolproduksjon til utpå 1950-talet. I verkstaden («Gamlestøvå») på Mastolgarden laga dei både treverket og smidde sjølv dei mekaniske delane som skulle til på vevstolen.

Verkstaden - Gamlestøvå

Verkstaden – “Gamlestøvå” – første bustadhuset på Sørstrand

I verkstaden var det to avdelingar, ei for trearbeidet og ei mekanisk avdeling. På treavdelinga hadde dei boremaskin og sirkelsag, men elles vart både høvling og anna trearbeid gjort for hand.

På den mekaniske avdelinga var det esse, dreiebenk og smergelskive i tillegg til ein del handverkty. Alle metalldelane til vevstolane vart smidde og utforma her. Dette var handarbeid og fint handverk, så kvar vevstol tok nok ganske lang tid å lage.

Likevel produserte og leverte brørne Longvastrand nokså mange vevstolar, mest til heimemarknaden, men ein del vart også «eksportert» til andre stader. Det finst enno vevstolar laga i Mastolgarden her på øya, og sikkert også andre stader.


Bysseproduksjon

Ein tredje son av Ole og Marie i Mastolgarden, Oskar, hadde òg interesse for og innsikt i mekanisk produksjon. Han reiste til Selje og kjøpte ei sjøbu, bygde slipp og starta reparasjonsverkstad for båtar der.

Ikkje alt gjekk så greitt som det skulle, og etter ei tid vende han tilbake til Sørstrand. Sjøbuda står framleis på Selje, tett attmed fabrikken der dei lagar Saga-båtar i dag.

Vel heime igjen, starta Oskar å lage bysser til småbåtar, altså ein liten komfyr eller kokeapparat ein kunne få kokt kaffi og andre ting på. Han tok til og med patent på denne byssa, og forsynte mange båtar i området med kokemuligheiter. Også dette produktet vart laga på verkstaden i «Gamlestøvå».

Oskar Longvastrand-bysse

Byssetoppen. I holet til høgre stod oljebrennaren.

Byssene kunne variere litt i storleik, men var om lag 60 – 70 cm lange og 35 – 40 cm breie. Dei var forsynt med ein oljebrennar som skaffa kokevarmen, og på toppen var det slingrekantar som kunne justerast etter storleiken på kokekaret.

Oskar smidde og sveisa byssene i verkstaden på Mastolgarden ei periode, men produksjonen kasta vel ikkje nok av seg til eit levebrød i det lange løp. Difor tok han seg arbeid på Nils N. Finnøy Motorfabrikk på Finnøya, og seinare hos Brødr. Rogne AS i Brattvåg.

Lagnaden for både vevstolar og bysser vart den same som for mykje anna småindustri som blomstra opp det første tiåret etter krigen: marknaden vart metta og etterspurnaden etter produkta minka, og kanskje kom det fabrikkar som kunne produsere varene meir effektivt og billegare.


Informant:
Oddvin Rogne


Share