Fleire namn er i bruk på denne øya – Flemsøy, Skuløy og Longva. «Kjært barn har mange namn.»

Offentlege instansar som Statens kartverk og Haram kommune brukar Flemsøy/Skuløy som øynamn, og det same gjer stort sett lokale aviser. Longva er poststaden (6293).

I tillegg blir Nordøy brukt som namn på ulike «ting» på eller i tilknytning til øya: Nordøy idrettslag, Nordøy grendahus, Nordøyhallen, Nordøyvegen o.fl. (og nordoy.net er domenenamnet på denne nettstaden).

Flemsøy/Skuløy er ei av Nordøyane. Dette kartet viser geografisk plassering (blå runding) på kysten nord for Ålesund i Møre og Romsdal (Haram kommune).

Øya har eit «omfang» på 14,3 km2 og eit innbyggartal på 500 pr. 1. januar 2016. Høgste fjellet er Skulen med sine 492 meter over havet. Frå toppen er det eit fantastisk utsyn i alle himmelretningar.

Det går ein fjellrygg langs storparten av øya med det høgste punktet (Skulen) i aust og så blir fjellet stadig lågare til lenger vest ein kjem. Mot nord stuper fjellet nesten loddrett ned, med berre ei smal stripe flatare land mot sjøen.

Mot sør og særleg i aust er det meir flatt land mellom fjellfoten og sjøen, og alt er dyrka jord, bortsett frå nokre myrområde på austsida. Frå om lag 1955 og i ca 20 år framover vart det planta mykje skog, og store delar av dei lågare fjellpartia er no skogkledd. Du kan få eit bra inntrykk av topografien på dette kartet, der du òg kan zoome inn og sjå detaljar.

Klimaet er typisk vestlandsklima – skiftande mellom sol, regn og vind. Vintrane er milde med relativt få skidagar, og om sommaren er varmen som regel til å halde ut.

Veret byr på store og fascinerande kontrastar – frå dagar med speilblank fjord og sol frå knallblå, skyfri himmel via nesten vassrett piskande regn og sludd til «spektakulære» stormar og orkanar med Dagmar (romjula 2011) og nyttårsorkanen i 1992 som «høgdepunkt».

Solnedgang over Flem

Klikk på bildet for å sjå solnedgangar.

I sommarhalvåret kan ein oppleve fantastiske solnedgangar når sola «går ned i havet». Då kan der vere fargar og eit fargespel som kan ta pusten frå nokon kvar, og som ikkje kan opplevast andre stader enn her ute ved havkanten.


Share