Flemsøy/Skuløy er knytt saman med Haramsøya, der det er hurtigbåt- og ferjesamband til andre øyar og fastlandet.
Nordøyruta er hurtigbåtsambandet som går mellom øyane frå Harøya i nord, Fjørtofta, Haramsøya, Lepsøya, til Hamnsundet (fastlandet), Valderøya (korr. med flyplassen på Vigra) og Ålesund.
Sjå avgangar.
Ferjesambandet Haramsøya – Lepsøya – Skjeltene bind saman våre to øyar, samt Lepsøya, med relativt hyppige avgangar til fastlandet. Frå 1. januar 2015 vart det sett inn ei ferje nummer to i dette sambandet, noko som bortimot dobla kapasiteten.
Sjå ferjeruter.
Det er svært mange som pendlar både til og frå øyane dagleg. I mange tiår har Nordøyvegen vore ein draum for oss på øyane. No er realiseringa meir enn realistisk. Dersom byggestart blir i 2016, kan ein om fire-fem år køyre i tunnellar og bru mellom øyane, og til fastlandet.
Det går buss mellom Flemsøy/Skuløy og Haramsøy fleire gonger for dag. Dei fleste turane er i korrespondanse med hurtigbåten. I tillegg er det skulebuss til og frå ungdomsskulen på Haramsøya, som også tek med vanlege passasjerar.
Sjå bussruter.
For bussruter på fastlandet (lokalrute) sjå her, og m.a. til Ålesund, sjå her.
Då drosja miste pasientkøyringa til sjukehuset i Ålesund for nokre år sidan, vart verksemda lagt ned. Men ein ny aktør har starta opp, og Nordøyane Taxi kom i drift i juni 2015. Drosja kan tingast på tlf. 468 33 299.
For dei som vil lenger ut i verda, har vi flyplassen på Vigra – Ålesund Lufthavn. Frå Skjeltene (ferjeanløpet på fastlandet) er det ein liten times biltur til flyplassen. Alternativ reisemåte er hurtigbåt til Valderøya eller Ålesund og buss til Vigra, eller skyssbåt direkte til Vigra.