Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Havgaprock

6. juli 2019 - 7. juli 2019

Havgaprock 2019 kjem til å bli arrangert 05 og 06 juli, og dermed skal ein ny milepæl i havgaprockhistoria skrivast. Dei tre første åra har me hatt kun éin festivalkveld, men nytt av året er at me no blir ein to-dagersfestival! Dette er noko me har drøymt om lenge, og no tør me endeleg å ta steget til å bli ein enda større festival! 🙌🏻

Den store forandringa frå dei tidlegare åra er altså at me utvidar til fredagen. Det me kan avsløre er at det kjem til å vere ein kveld på Nordøy Grendahus med eit meir ungdommeleg preg. Me gler oss til å avsløre meir om denne kvelden når me har klargjort detaljane!

Laurdagen kjem til å ha same profil som me har hatt, berre at den skal bli enda betre enn tidlegare! Følg med vidare her på sida for artistslepp og andre spennande oppdateringar framover!

Me gler oss noko enormt! Del gjerne arrangementet og hjelp oss å sette øyane på festivalkartet! 🤩🙌🏻

Detaljer

Start:
6. juli 2019
Slutt:
7. juli 2019
Hendelse Kategori:
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/2406784736015509/?active_tab=discussion

Sted

Ulla Fyret