Laget Gamleskulen

Leiar/kontaktperson: Birgit Fjelle
Epost: bir-fjel@online.no  Telefon: 902 05 756

Laget Gamleskulen vart skipa 16. oktober 1995. Vi har i dag 72 medlemar. Gamleskulen blir brukt til kulturkveldar, visningar til skuleklassar, julemesse m.m. Samlingar for utillingar av lokale bilete og gjenstandar.

Gamleskulen

Gamleskulen på Flem

Historikk
Gamleskulen blei teken i bruk 1889. Huset er 54 kvm stort, og inneheldt klasserom, eit kammers og gang. I 1893 vart det gjort vedtak om å bygge til ”familiebolig” for lærarar. Vatn vart innlagt i 1911. Kommuna overtok bygginga vederlagsfritt i 1941. Den store endringa med bygninga var å lyfte taket i ”lærarstova” slik at rommet fullt ut kunne brukast til klasserom. Dette vart gjort i 1922. Elektrisk lys vart innstallert i 1924.

I 1930-åra starta planlegginga av ny skule krins. Ny skule stod ferdig og teke i bruk våren 1959. Der Flem skule står i dag. Men gamleskulen sine dager var ikkje talde. Skulen vart ominnreidd og brukt til sløydundervisning heilt fram til hausten 1986. Etter dette vart gamleskulen brukt til eiskilte høve som t.d. øvingslokale for musikkgrupper/band.

Gamleskulen vart etter dette ikkje brukt. Forfallet kunne merkast. Haram formannskap henvendte seg til samarbeidsutvalet. Vidare vart Flem velforeining kontakta for uttalelse. Flem velforeining tok opp saka i årsmøte våren 1995. Valde så ei nemnd på tre medlemmar som skulle førebu den vidare gangen i saka.

25. juni 1995 vart det kalla inn til folkemøte. Søknad om overtaking av gamleskulen vart sendt til Haram formannskap. Denne vart imøtekomt. 16.oktober 1995 vart laget Gamleskulen skipa. Nytt styre vart danna. Nedvask og måling var første steg. Nytt tak sto ferdig i 1998. Døre og veggar kom påplass. Nytt elektrisk anlegg innstallert. Skiftig av veggar og vindauge vart utført dei neste åra. Arbeid gjenstår, men mykje er på plass.

Link til Facebook-sida

Sjå heile historia til Flem gamle skule.


Share