Det ligg ei perlerad av litt større øyar på Sunnmørskysten frå Godøya rett vest av Ålesund til Harøya om lag halvvegs til Molde. Dei synste av desse øyane utgjer Giske kommune, og den nørdste (Harøya) er største delen av Sandøy kommune. Øyane imellom høyrer Haram kommune til.
Sjå øyrekka på dette kartet (zoom inn og ut etter behag).
I Giske kommune – på Vigra – ligg Ålesund lufthavn, som er hovudflyplassen på Sunnmøre. Denne øykommunen har hatt fast samband med Ålesund via undersjøiske tunnellar sidan 1987.
Haramsøyane pluss Harøya vert kalla Nordøyane, og Flemsøy/Skuløy er den midtre av desse. Dei andre er Lepsøya og Haramsøya i sør og Fjørtofta som næraste nabo i nord.
Liksom Giske har fått sine tunnellar, står Nordøyvegen for tur for realisering med sannsynleg byggestart i 2016. Den skal knyte øyane saman og til fastlandet.
Mange meiner at den største verdien av denne vegen er at den vil forbinde alle øyane slik at det blir tettare hopehav mellom folket som bor her. Om lag slik det var «i gamle dagar» då sjøen batt saman og ikkje skilde øyane.
Næringsliv, kulturliv og alt anna «liv» på øyane vil utan tvil nyte godt av vegsambandet, og det vil bli ei ny tidsrekning frå den dagen Nordøyvegen står ferdig.
Ei av bruene på denne vegen vart bygd allereie i 1969 – nemleg brua over Ullasundet – mellom Haramsøy og Flemsøy/Skuløy.
Brua har hatt svært mykje å seie for samkvemet mellom desse øyane, og dei to øysamfunna har i stor grad vakse seg saman og har mykje fellesskap på dei fleste område. Det er nok framleis litt vennskapleg rivalisering mellom øyane, men ikkje meir enn som trengst for å gi litt positiv spenning i «forholdet».
Eitt av resultata som kom nesten umiddelbart etter opninga av Ullasundbrua, var ein «boom» i giftarmåla over fjorden. Dette virka til å forsterke banda mellom dei to øyane og knyte lokalsamfunna tettare saman.
Kanskje vi kan vente noko liknande når Nordøyvegen er klar for trafikk?
På Haram fastland ligg kommunesenteret Brattvåg – med ein god del handels- og servicetilbod som øyane manglar. Der er det òg mange arbeidsplassar innan industri og serviceyrke, samt i kommuneadministrasjonen.
Også andre stader i kommunen, som i Søvika og Vatne/Tennfjord-området, er det gode arbeidsmuligheiter, særleg i industrien.
Byen for oss på Nordøyane er Ålesund – «hovudstaden» og det desiderte handelssenteret på Sunnmøre. Særleg er kjøpesenteret AMFI Moa populært, men Ålesund har òg mange andre service- og kulturtilbod som blir mykje brukt av øyafolket.