Her vil prøve å gi eit lite innblikk i litt av historia til Flemsøy/Skuløy. Vi deler informasjonen inn i ulike tema/område slik at det skal vere oversiktleg og greitt å orientere seg for lesarar.
Noko historie er ferdig og lagt ut på sidene her – sjå oversyn og linkar nedanfor. Meir vil bli lagt ut etter kvart, og vi vonar å kunne utvide med fleire tema.
Historie er eit nesten uendeleg vidt emne. I eit stykke skriftleg historie vil berre ein ørliten del av heile historia vere med, og den vil alltid vere farga av den som fortel historia. Bakgrunn og ståstad til historieskrivaren speler inn, kva kunnskap og opplysningar vedkomande har, kva han/ho vel å ta med og å utelate m.m.
Når det er sagt, vil vi nemne at det er lagt vekt på at dei historiene som vert fortalt her, skal vere så ‘etterrettelege’ og ‘sanne’ som vi klarer å få til innanfor den relativt konsentrerte forma som dei har.
Difor tek vi òg svært gjerne imot opplysningar og kommentarar om historiene som kan hjelpe til å korrigere faktafeil og elles nyansere og forbetre framstillinga. Send gjerne epost til historie@nordoy.net.
Nedanfor er oversikt over historie som er ferdig (link til respektive sider) eller planlagt/under arbeid.
Historiske personar frå øya som har sett merke etter seg
Olaus Johannes Fjørtoft – folkeopplysar, samfunnsfornyar og matematikar
Anton Flem – «Han kledde fjellet»
Tomas Longva – mannen som fann Storegga
Ludvig Lauritz Uri – forfattar og salmediktar
Industrihistorie
Flems Møbelfabrikk
Gunnabuda
Karsten Flem
Longvamotoren
MeTo Industri
Nogva Motorfabrikk
Nogva Trevarefabrikk
Peilo Teknikk/Rolls-Royce
Radiokassefabrikken
Rogne Meieri
Rokkefabrikken på Rogne
Uri møbelfabrikk
Vang Industri
Vevstolar og bysser
Ymse verksemder