| 1889: | Stortinget vedtok ny skulelov. Flem skule, oppsett av bygdefolket, vart teken i bruk. Huset var på 54 kvm. Det inneheldt 1 klasserom, eit kammers + gang og var 2-delt. |
| 1892: | Tredelt skule. Bygdefolket ordna med torv og ved til oppvarming, dei fyrte opp om morgonen og vaska om ettermiddagen. |
| 1893: | Vedtok å bygge familiebustad for lærar i ytste enden. Lengde 4,5 m. |
| 1896: | Familiebustad ferdig. Leige kr. 10,- pr. år |
| 1898: | Huset måla utvendig. |
| 1911: | Innlagt vatn. |
| 1916: | Firedelt skule. Lærarstova teken i bruk til klasserom. |
| 1919: | Ynskje om at kommunen skulle overta huset vederlagsfritt. |
| 1922: | Taket lyfta i ytste enden for bruk til klasserom. Sløyd og handarbeid vert halde i slutten av skuleåret. |
| 1923: | Borna kvar si lærebok i gramatikk. |
| 1924: | Elektrisk lys installert. |
| 1929: | Drikkefontene på skulen. |
| 1933: | Nytt golv i inste skulestova. |
| 1934: | Barneboksamling på skulen. Krinsen ytte kr. 35. |
| 1937: | Skifta dei gamle tomannspultane med einmannspultar (20 stk) på inste rommet. Innlagt utslagsvask i gangen. |
| 1939: | Innføring av ABC – bok. Bergersen: Lesebok for fyrste skuleår. |
| 1940: | Firdelt skule. Austlid si lesebok utbytta med Nordal Rolfsen si lesebok. |
| 1941: | Kommunen overtek bygget. |
| 1941-45: | Innsamla radioapparat på loftet. Tjuvlytting på London. |
| 1959: | Ny skule ferdig, den som no er Flem skule. |
| 1960-86: | Gamleskulen ominnreidd og brukt til sløydundervisning. |
| 1988-95: | Øvingslokale for ulike musikkgrupper. |
| Ny tid for huset | |
| 1995: | 16. oktober. Laget Gamleskulen skipa. |
| 1996: | Slipte ned golva. Målararbeid inne. |
| 1996-98: | Reparasjon av heile taket. |
| 1999: | Nytt opplegg av straum og nye varmeomnar på ytste klasserommet. |
| 2000: | Innlagt varmtvasstank i kjellaren og varmevatn opp til 1. etasje. |
| 2004: | Reparasjon av nedstevegg. Isolerte og skifta bordkledning + nye vindauge. Utforing og listing inne. |
| 2005: | Skifting av bordkledning og nye vindauge på ytste veggen mot Flem. |
| 2007: | Installerte oppvaskmaskin. |
| 2008: | Pålegg om skifting av strauminntak + gamal armatur på loftet og i gangen. |
| 2010: | Stell av ytste kjellarrom. |
| 2011: | Vacumtoalett installert. |
| 2012: | Fjerning av gamledoen. Dagmar hjelpte oss. Innkjøp av ny støvsugar, videokanone og nye blendingsgardiner. Skifting av yttervegg mot Longva. Innkjøpt nytt kjøleskap og frysar. |
| 2013: | Skifting av yttervegg oppover + dør og vindauge. Måling av heile huset. Registrert i Brønnøysundregisteret. Inspeksjon El.sikkerhet, Møre. Alt fungerte som det skal. Dei var imponert!! |
| 2014: | Gangen inne opppussa med nytt golv og nye lister kring døra. Innkjøpt puter på stolane i ytste rommet. Installert meir lys på loftet. |
| 2015: | Felling av tre på nedsida av huset. Gamleskulen er på Facebook. Innkjøp av plenklippar, vaffeljarn + diverse. Rydding på loftet. Utstilling av gamle læremiddel. Restaurering av bilete som Ole J. Rogne laga i 1995. Isolering av taket i kjellaren. |
Noverande styre vil takke alle som har hjelpt til med Gamleskulen i alle desse 20 åra. Det gjeld arbeidsinnsats, ting gjevne til huset og pengegåver. Ingen nemnd – ingen gløymd.
TUSEN TAKK!
