Den mangfoldige naturen her på Flemsøy/Skuløy gir rikt høve til friluftsaktivitetar av mange slag. Her er ei mengde turstiar i skog og fjell, mangt å sjå på ein rusletur i fjøra, fisk å få med stong frå svaberga, og fleire gode plassar for den som vil nyte strandlivet om sommaren.

Tursti fjellvegenMange bur slik til at dei kan starte skogs- eller fjellturen rett utanfor døra. Det finst mange stiar å vandre på; somme er forma av trakk av folk og dyr, medan andre har fått hjelp av menneskehender i større eller mindre grad for å gjere stien meir «brukarvennleg».

Idrettslaget har sett opp postkasser på ulike stader over heile øya, og desse blir gjerne mål for turfolk, der dei kan skrive seg inn i gjestebøkene.
Meir om turar i terrenget.

Tur i fjøra

Mykje rart å sjå i fjøra

Ei øy vil sjølvsagt vere eit eldorado for den som er interessert i sjøbaserte aktivitetar. Fangst av fisk og krabbe frå både båt og land er her gode muligheiter for, likeins segling, padling, dykking og bading i sommarhalvåret.

Ein tur i fjøra er heller ikkje å forakte; der er det mykje å sjå for den som er nyfiken, og berre det å vandre langs strandkanten kan gi ro og kvile for kropp og sjel.  Meir om sjølivets gleder.

Vintersport er vel ikkje akkurat det denne øya er mest kjend for, men ein skitur eller tre er det som regel høve til kvar vinter. Når det er nok snø, køyrer idrettslaget opp løyper. Bislett er langt av lei, men isaktivitetar er det av og til forhold for på Flemsdemma (på fjellet) og Larsdemma.


Share