Skulebua reiser seg!
Oppdatering 21. august 2017:
Endeleg Skulebu-opning!
Over hundre personar i alderen 5 til 84 år trassa vêret og gjekk til fjells søndag i høve opninga av Skulebua med innlagt motbakkeløp. Med ein del improvisasjon undervegs vart arrangementet gjennomført som planlagt – med unntak av helikopterflyginga.
For den offisielle opninga av hytta gjekk føre seg midt i argaste uvêret søndag. Men vind, regn og tjukk skodde la ikkje nokon dempar på stemninga i flokken av fjellvandrarar som hadde møtt fram til hendinga.

Regn, vind og skodde bit ikkje på folk i havgapet, og det vart ei lita folkevandring til fjells i høve Skulebu-opninga.
Dei første opp på fjellet var deltakarar i motbakkeløpet «Frå skule til Skulen». Løypa gjekk frå skulen og ut gjennom byggefelta, opp fjellvegen og følgde vidare råsa forbi Flemsdemma, Tverreidet og opp Skulesida med målgang ved Skulebua. Heile 18 løparar i alderen 10 til 59 år stilte til start og sprang 5,2 km delvis gjennom myr, gjørme og vatn medan dei steig 485 meter til vêrs. Etter at alle deltakarane hadde fått medaljar og vinnarane i dei ulike klassene pokalar, vart det servert grilla pølser og skulebollar(!) til alle som ville ha.
Meir om motbakkeløpet på Nordøy IL si Facebook-side.
Så var det tid for sjølve opningsseremonien. Først var det eit kort resymé over bakgrunnen for at hytta vart bygd, og om byggeprosessen. Deretter vart øya sin «nasjonalsong» – Ut mot havet – spela av trompettrioen Daniel Grebstad, Grethe Klokk og Knut Flem. Siste post på programmet var sjølve opninga, som yngstemann på fjellet, fem år gamle Storm L. Husevåg, fekk æra av å utføre. Han lét opp døra ut til skodda og verda elles, og så vart Skulebua erklært for opna.
Bortsett frå grillinga av pølsene, gjekk alt føre seg inne i hytta, og det var nokså tett av folk. Alle var dyvåte då dei kom inn, og vatnet rann av regnkleda og laga store dammar på golvet. Men humøret var på topp og folk såg ut til å vere nøgde med «festen» trass i veret. Over hundre personar var innom Skulebua denne dagen, med den nemnde «døropnaren» som den yngste og hans 84-årige oldefar som den eldste.
Det var også planen at dei som ønskte det, skulle få helikopterskyss til og frå Skulebua, og i alt 30 personar, derav ni frå Fjørtofta, hadde meldt seg på. Vêret sette ein effektiv stoppar for dette, men Øyrådet/Skulebua vil organisere flyging ein fineversdag seinare for dei som har lyst opp og sjå.
Oppdatering 10. august 2017:
Opninga av Skulebua er utsett til søndag 20. august kl. 13.00!
Årsaka er dårlege verutsikter komande laurdag – sø-vest-kuling og regn. Dårlegaste for heile sommaren!
Opplegget neste søndag er det same som tidlegare annonsert.
Dei som vil ha helikopterskyss må melde frå seinast onsdag 16. august. Det gjeld både dei som har meldt seg på tidlegare og eventuelle nye. Påmelding på COOP Marked Longva eller til Severin Longva, tlf. 911 74 941, alternativt epost el-long@online.no. Påmeldinga er bindande.
Vi håper på blå himmel og vindstille neste søndag!
Oppdatering 25. juli 2017:
Det nærmar seg offisiell opning av Skulebua!
Dagen er laurdag 12. august. Som «Vorspiel» arrangerer Nordøy IL bakkeløpet «Frå skule til Skulen». Det startar kl. 10.30 frå Flem skule, og dei fleste bør vere komne i mål oppe ved Skulebua i god tid før opningsseremonien startar kl. 13.00.
Skulebu-hytta er no på det nærmaste ferdig; berre nokre mindre ting står att, og alt vil vere fullført til Den store dagen. Leiaren for Ålesund-Sunnmøre Turistforening vil stå føre snorklippinga.
Skulebu-nemnda håper på godt ver og storinnrykk av publikum slik at dagen blir ein fjell- og folkefest. COOP Longva stiller med grilla pølser, og der vil bli musikk som passar til staden og utsikta.
Folk som av ein eller annan grunn ikkje kan eller vil gå opp på fjellet, kan få skyss med helikopter for kr. 500,- tur/retur denne dagen. Helikopteret startar frå Rolls-Royce. Den som vil nytte denne transporten, kan skrive seg på liste på COOP Longva, eller melde seg til Severin Longva, tlf. 911 74 941, alternativt epost el-long@online.no. Påmeldinga er bindande.
Oppdatering 8. juli 2017:
Vel ein månad att til opninga (12. august) er arbeidet med å gjere Skulebua ferdig i god rute. I dag vart benkane rundt hytta (ute) fullført. Dei gir sitjeplassar ved seks av dei åtte veggane. Berre nordveggen og inngangspartiet blir utan. Benkane er komponert og oppsett av Bjørnar og Oddgeir Otterlei.

Benkar med ryggstø festa til veggane på seks av åtte sider. Bjørnar og Oddgeir fullfører her verket med å feste dei siste skruane.
Også dei store bilda (1,80 x 0,50 m) med informasjon – namn på fjelltoppar, øyar, landskap m.m. – er komne på plass. Likeins er benkane inne i hytta på det nærmaste ferdig tilpassa og sett på plass der dei skal stå.

Kåre Flem hadde idéen, regien og arbeidet med infotavlene, som fortel kva ein ser ut gjennom vindauga.
Bortimot 20 tonn steinheller vart plukka opp i sekker og flogne opp til Skulebua. Der er dei blitt til ein fin mosaikk-platting rundt hytta, i ei breidde på 2 – 2,5 meter frå veggane. I tillegg er ca. 50 meter av råsa inn til hytta steinlagt. Men då var sekkane tomme.
Oppdatering 23. juni 2017:
Onsdag 21. juni var heile Flem skule på skuletur til toppen av Skulen (492 m.o.h.) og besøkte m.a. Skulebua. Mange av borna (og dei vaksne med) har sett hytta før, men nytt for dei aller fleste var steinplattingen, som er godt og vel halvferdig. Den vert laga for å halde det reint og triveleg rundt (og inne i) hytta.
Heller ikkje hadde mange – om nokon – sett underlaget for informasjonstavlene tidlegare. Det vart laga fredag for ei veke sidan, og ser nærmast ut som styrehuset på ein stor båt. Sjølve info-tavlene (bileta) kjem på plass over neste helg ein gong. Noko arbeid står framleis att, men Skulebua nærmar seg «ferdigstillelse», og datoen for offisiell opning – laurdag 12. august – står fast.
Oppdatering 3. mai 2017:
I dag var «Den store steindagen» med helikopterfrakt av 21 sekkar med stein – flate steinheller frå vestre Skulesida – opp til skulebua. Det viste seg at sekkane hadde ei vekt på +/- 900 kg, noko som er bortimot perfekt med tanke på optimal utnytting av krafta til helikopteret. Ein god porsjon flaks, altså, sidan det var ganske umogleg å vite kor mykje steinen vog. Steinen skal brukast til å kle rundt hytta og bygge sitjeplassar rundt veggane.
Ein del andre ting vart også frakta opp, som omn og grillar, nytt golv (klikkgolv eik-imitasjon), informasjons-tavlene med underlag og diverse anna material og utstyr. Dessutan vart det frakta ned frå fjellet to helikopter-lastar med «overskotsmasse» – avkapp, diverse metall som gjengestenger, beslag, boltar og skruar m.m., pallar og «rusk» av ymse slag.
Helikopteret starta å flyge kl. 11 og flaug tilbake til Vigra ca. 13.30. Den første timen var det fint ver og blå himmel, men seinare tok skodda til å gjere seg gjeldande, så det vart usikkert om helikopteret kunne fullføre oppdraget. Heldigvis gjekk det bra, og ein ny milepel er nådd.
Fram til opningsdagen 12. august vert det no å få steinen på plass, legge nytt golv og montere informasjonstavlene, montere omn med skorstein, beise heile hytta, liste hjørna utvendig pluss ein del andre, mindre ting.
Oppdatering 31. mai 2017:
Det er klart for «Den store steindagen» oppe på Skulen laurdag 3. juni. Då skal 21 store sekkar med stein flygast opp til Skulebua. Det er brørne Otterlei – Bjørnar og Oddgeir – som for det aller meste har plukka steinane oppi sekkane. Ikkje kva stein som helst, men flate heller som skal brukast til å kle bakken rundt hytta og mure opp sitjeplassar på aust-sør-vest-sidene. Er det nok stein, skal også råsa frå der postkassa stod og bort til Skulebua steinleggast. Reknar vi at det er 750 kg i kvar sekk, vert det ca. 16 tonn gråstein som skal flyttast.
I tillegg til steinen skal helikopteret frakte opp panoramabilda/info-tavlene samt underlag som dei skal ligge på, pluss diverse material, nytt golv, omn og grillar og nokre andre ting. Nordøy IL skal nytte høvet til å flyge bordbenkar til Brandalsryggen, Kvernhuselva og Stølshaugane. Atterhald om bra flygever og skoddefritt på toppen.
Det er ikkje til å unngå at det vert ein del «overskotsmasse» på ein byggeplass, og det vert minst to helikopter-hiv frå fjellet og ned (sjå biletet). Og endå er der ein del material, verkty m.m. att der oppe.
Dersom nokon ikkje har fått det med seg: offisiell opning av Skulebua er bestemt til 12. august i år.
Oppdatering 2. mai 2017:
Den tillyste «steindugnaden» 1. april vart ikkje noko av p.g.a. dårleg ver. Men no er alt klart for å fylle stein i transportsekkar, som skal flygast opp til Skulebua seinare.
Det er lagt ut i alt 16 sekkar på vestsida av Skulefjellet, der det er mykje stein (sjå bildet). Det er lagt «reiregg» (nokre steinar) i alle sekkane, og vi oppmodar no alle som går på fjellet å ta turen innom ein sekk eller tre og fylle på meir stein.
Steinane må vere flate heller, for dei skal brukast som «platting» rundt hytta og kanskje til gangveg dei siste hundre metra (det blaute partiet) mot hytta om der blir nok stein.
Vi trur sekkane er passande tunge for helikopterløft når dei er halvfulle. Legg steinane flatt oppå kvarandre og unngå at sekkane blir skada.
Takk for hjelp!
«Steindugnad» laurdag 1. april (ikkje narring!) kl. 13.00 oppe i Skulesida. Steinheller skal puttast i sekkar for å bli frakta opp til Skulebua med helikopter seinare.
Oppdatering 23.03.17:
Planen har vore å ha offisiell opning av Skulebua 25. mai i år. Men på grunn av at ein god del arbeid står att slik at det vert knapt med tid, bestemte skulebunemnda i dag å utsetje opninga til over sommarferien – til laurdag 12. august. Vi håper på godt ver!
Oppdatering 05.10.16:
Taket er ferdig og tett! Også vindauga er innsett, og dermed gir hytta livd for vêr og vind. Varmeomn er ikkje på plass enno, men skal kome om ikkje så brått. Elles er det mange detaljar som står att før Skulebua kan seiast å vere ferdig, men no framover mot vinterstormane er det avstiving og forsterking som står i fokus.
Oppdatering 11.09.16:
I dag (søndag 11. sept.) var det enno ein «stordugnad» på hytta på toppen av Skulen. På fem timar var heile taket (toppdekket) lagt av dugande dugnadsfolk – ni i talet. Det bles godt oppe på taket, men heldigvis titta sola fram og hjelpte karane med å halde varmen.
Oppdatering 04.09.16:
Søndag 4. september var det ny «stordugnad» på Skulebua. I alt åtte dugande og effektive menn var i aksjon. Det vart lagt takpapp, sløyfelekter og steinlekter på taket, så no er det klart for å legge på toppdekket, som er malmfuru frå Alvdal.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Oppdatering 01.09.16:
Det har vore stor aktivitet i det siste, og særleg søndag 28. august var det «stordugnad» for å for å få mønebjelken på plass og legge på taket. Bileta under fortel det meste om arbeidet den dagen.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Oppdatering 23.08.16:
Første planen var å flyge materialen til Skulebua opp på fjellet frå laurdag morgon (20/8) kl. 09.00, men skodda sette ein stoppar for det. Det var løpande kontakt med Nord Helikopter både laurdag og søndag, men flygever vart det ikkje. Det vart avtalt ny tid – kl. 12.00 – måndag, men heller ikkje då spelte skodda på lag.
Men så, i halv to-tida lysna det, og etter litt tvil og diskusjon vart det bestemt å flyge. Arnfinn hadde gått opp på Skule-toppen alt i åttetida om morgonen i håp om at det skulle bli ei muligheit, og Jan Arne var også tidleg opp på startpunktet ved «parkeringsplassen» ovanfor Anton-støtta.
Rundt halv tre kom helikopteret, og etter stropping av hiva og anna førebuing, starta transporten. 48 minutt brukte helikopteret på å flyge åtte «pakkar» på mellom 430 og 925 kg + to store sekkar med utstyr til topps. Alt gjekk knirkefritt, og no kan bygginga av sjølve hytta starte.
Oppdatering 20.08.16:
I dag (laurdag 20/8) skulle «Skulebua» flygast opp på fjelltoppen. Dugnadsgjengen var på plass på Skulen, men skodda var ikkje på lag. Nytt forsøk vert søndag kl. 17.00. Fredag var det stordugnad med pakking og veging av buntar til helikopteret, og frakting opp på Storfjellrøra («parkeringsplassen» ovanfor Anton-støtta).
Oppdatering 16.08.16:
Fundamentet er no heilt ferdig. Golvbjelkane er på plass, og komande laurdag (20/8) er det planlagt å flyge opp dei ferdigbygde veggane og all materialen og anna materiell som trengst for å fullføre Skulebua. Helikopter er tinga, og Nordøy IL vil samle ein dugnadsgjeng for å reise hytta i løpet av helga.
Oppdatering 07.08.16:
No er dei åtte toms bjelkane som Skulebua skal kvile på bolta fast i stolpane, saman med avstivarane i hjørna. Også dragaren gjennom midten av hytta, som golvbjelkane skal festast til, er fastmontert. Etter at bildet under var knipsa, vart også golvbjelkane på den austre halvdelen montert. Så det er snart klart for å flyge opp sjølve hytta og montere ho på plass.
Oppdatering 03.08.16:
Understellet som hytta skal stå på er snart ferdig, men manko på høveleg bor gjorde at den siste finishen må vente enno litt. Men montering av midtdragaren vart gjort, samt tilpassing av hjørnestivarar, finjustering av diagonalar og utgraving for forankring. Ei økt eller to til med arbeid på fundamentet no, så er det klart for oppflyging av ferdige veggar, material til golv og tak m.m.
Oppdatering 25.07.16:
Pålane er komne ned i hola sine, og dragarane som Skulebua skal kvile på, er i ferd med å bli montert. Det vert saga hakk i stolpane som dragarane skal ligge i, og sidan skal stolpar og dragarar boltast saman. Stolpane skal låsast med stein i hola sine slik at heile fundamentet blir solid og står stødig.
Oppdatering 07.07.16:
Fordi der er djup myr (opptil 1,6 meter) oppe på toppen av Skulen, skal hytta byggast på pålar. Sjølve pålane er frakta opp tidlegare, og i dag vart dei fire første hola gravde.
I løpet av om lag fire timar var fire hol ferdige, utført av to mann. Det må gravast heilt ned på grunnen for at hytta skal stå støtt.
Fire stolpar er på plass, men dei skal sjølvsagt ikkje vere så høge som på biletet. Når alle er på plass, skal dei sagast til lik høgd. Så skal det monterast åtte toms dragarar mellom dei og leggast golv oppå.
Folk som går tur opp på Skulen vert oppmoda om å ta nokre spadetak når dei først er der – «alle monner drar». Toppen av alle hola er spadd vekk slik at det er lett å sjå kva som skal gravast. Der er også eit oppslag med litt informasjon. Spader ligg på plassen.
Ved Skulen-skiltet ligg eit glas med ei dugnadsliste. Gjer vel å skrive dato, namn og tidsbruk på lista.
Oppdatering 03.07.16:
Dersom du tek ein tur opp på Skulen seinare i sommar, er det gode sjansar for at du vil sjå ei hytte oppe på toppen. Kanskje ikkje heilt ferdig, men iallfall eit stykke på veg. I skrivande stund er tomtearbeidet såvidt påbegynt, og «Skulebua» skal setjast oppå etter kvart.
Salet av andelsbrev på hytta er no passert 90.000 kroner, og håpet er å bikke 100.000. Det er gått frå hus til hus på øya, og velviljen og støtta har vore stor både frå dei fastbuande og «hyttefolket».
No har også utflytta øyingar høve til å bli «medeigarar» i Skulebua ved å kjøpe andelsbrev. Det gjer du ved å betale kr 500,- eller meir inn på bankkonto nr. 3910.54.17350. Du får då tilsendt (i posten) eit andelsbrev pålydande det beløpet som er betalt. Hugs å oppgi namnet ditt på innbetalinga. Om du vil, kan du i tillegg sende ein epost til okonomi@nordoy.net med opplysning om innbetalinga.
Mindre beløp er sjølvsagt også velkomne; du kan betale det du vil, men minimum for å få andelsbrev er altså 500 kroner.
Skulebua er kalkulert til kr 265.300 i utlagde pengar; i tillegg kjem arbeidet, som vert utført på dugnad.
I tillegg til støtta frå bygdefolket, har hytta fått midlar frå Sparebanken Møre, Marine Harvest avd. Rogne, Annasthe AS, Haram kommune, Coop Marked Longva, Flem Vel og Longva Vel.
Oppdatering 16.05.2016:
Den 16. mai var tre av Skulebu-nemnda (Arnfinn, Knut og Kåre) ein tur opp på fjelltoppen for å sondere grunnen der hytta skal stå. Det viste seg at djupna på myra varierer mellom 1,25 og 1,60 meter – djupare til lenger frå fjellkanten ein kom.
Dette betyr at det er lite aktuelt å grave ut tomta og fylle ho med stein; det mest sannsynlege er at Skulebua vert sett på pålar – anten trepålar eller støypte.
Oppdatering 11.05.2016:
Ein del av Skulebua – m.a. veggar, dragar i mønet og takbjelkar, samt benkar langs veggane – er bygd ferdig inne i sjøbuda til Harald Longvanes. Bygget er no demontert og vart i dag (11. mai) frakta frå sjøbuda og opp i løa til Jan Arne Longva.
Grunnarbeid og klargjering av tomta står no føre. Det viser seg at der er nokså djup myr der hytta er tenkt plassert, så å lage fundament for bygget blir ei utfordring. Muligens kan det bli aktuelt å setje hytta på pålar.
Når tomta er klar, vil dei ferdige modulane bli frakta opp på Skuletoppen, og hytta blir etter planen fullført i løpet sommaren.
Oppdatering 28.04.2016:
Etter synfaring oppe på Skuletoppen er no plasseringa av Skulebua bestemt. Den blir liggande nær det høgste punktet. Bileta under viser plasseringa i forhold til skiltet som markerer høgste punktet på Skulen. Dei raude strekane med ein kjepp i midten viser om lag kvar hytta skal stå.
Oppdatering 26. mars:
Dragaren i mønet vert lagt på plass.
Oppdatering 17. mars:
Skulebua er under beising, og fargen vert grå – sjå biletet under.
Skulebua er under bygging i sjøbuda til Harald Longvanes (ved sida av Longva Servicesenter). Der skal ho byggast ferdig for så å bli frakta i bitar opp på toppen av Skulen ein gong i sommar.
Oppe på Skule-toppen skal det i løpet av våren gravast ut tomt og støypast fundament. Dette må vere solid for å kunne halde hytta på plass under dei sterkaste stormane.
Når Skulebua er ferdigbygd og tomtegrunnen klar, er planen å køyre elementa opp til fjøsen i Flemsdalen og frakte dei vidare opp på fjelltoppen med helikopter. Der vert det så å montere hytta på det forhåpentlegvis nøyaktig støypte fundamentet.
Hytta er som kjent åttekanta og har ei grunnflate på ca. 30 m2. Taket har om lag form som ein opp-ned båt, så kanskje vil Skulebua byte namn til Skuleskipet etter kvart?
Der blir store vindu i heile lengda på veggane, så utsikta innanfrå vert formidabel. I tillegg vil der bli plakatar med informasjon om «geografien» ein ser, og i kva retning fjernare område ligg. Benkar å sitje på vil bli montert langs veggane, og i midten av rommet blir ein grillplass.
Tanken bak Skulebua er at ho vil virke til at folk vil gå meir på fjellet og dermed bidra til meir fysisk aktivitet. Samtidig vil ho vere eit treffpunkt og samlingsstad for turgåarane og er såleis også eit sosialt tiltak.
Ein annan viktig verknad er at hytta vil medvirke til at fleire besøkande kjem til øya. Når det frettast at her er ei hytte på fjelltoppen, vil ho bli eit mål for tur- og fjellfolk andre stader frå. Det finst massevis av turlag rundt om i landet, og mange av desse reiser langt når nye turmål dukkar opp.
Og turistar er triveleg for øya og nyttig både for COOP’en og andre som driv «butikk».