Longva barnehage er ein privat barnehage som foreldra eig og driv. Etter å ha vore leigetakar i eit gammalt skulebygg sidan oppstarten i 1978, under namnet Rogne Barnehage, vart det bygd ny barnehage som stod klar til innflytting 1. mars 2006.

Barnehagen sin visjon:

Barna i fokus der alle blir sett og møtt

Barnehagen har plass til 40 barn, men i skrivande stund har vi berre 14 barn i alderen 1 – 6 år. Borna vert delt inn i grupper etter alder; inndelinga varierer frå år til år etter kor mange born det er på ulike alderstrinn m.m.

Longva barnehage

Barnehagen

Barnehagen er stolt av sitt flotte og store uteområde, med sykkelvegar, tunnel og rundkøyringar. Kort veg til fjell og fjøre gjer at vi er mykje ute på tur i dei flotte naturområda.

Det er tre fellesmåltid for dag i barnehagen, med brød og pålegg, frukt og grønsaker som «hovudrettar». Men av og til er det også varm mat å få, som suppe og graut, og innimellom er det bakedagar. Måltida skal vere ei hyggestund, og det vert lagt vekt på god tid og god tone rundt bordet.

Barnehagen er open heile året med unntak av tre veker om sommaren og jul og påske, då det er ferieavvikling for personalet. Dersom seks brukarar eller meir har behov for plass i ferien, held barnehagen ope i samarbeid med Haramsøy barnehage.

Styrar på Longva barnehage er Kari Kolseth, tlf.  70 21 77 42
Epost: longva.barnehage@haram.kommune.no


Flem skule er ein barneskule (1.-7.klasse) som ligg sentralt på øya i forhold til busetnaden, med bustadfelt nært ved både mot aust og vest. Elevtalet har lege stabilt mellom 50 og 60 elevar dei siste åra.

Skulen sin visjon er:

”Å skape ein trygg og god skule der alle føler seg verdsett og får utvikle evnene sine fagleg og sosialt.”

Viktige verdiar er samarbeid, tryggleik og trivsel, og læring. Vi vil vere ein skule i stadig utvikling, og har fokus på grunnleggjande dugleikar og elles ulike satsingsområde i tråd med nasjonale og kommunale føringar. (Læringsmiljø, vurdering for læring, digital kompetanse m.m.)

Skulen har ei veldriven SFO-ordning som varer frå skuleslutt til kl. 15.30 kvar dag. Det er lite behov for SFO om morgonen fordi skuledagen startar kl. 08.00. Skuleslutt er 12.30/13.30.

Skulebygninga, som er kombinert skule og grendahus, er godt vedlikehalden og i god stand. Grendahuset er mykje nytta til ulike aktivitetar både i skuletida og fritida. Skulen og grendahuset betyr i så måte svært mykje for folket på øya.

Flem skule

Skulen og grendahuset

Vi veit også å setje pris på den fine naturen vi har rundt oss. Her er det kort veg til både fjell og fjøre, og nærområdet blir aktivt nytta i undervisninga. Like ved skulen ligg Nordøy Stadion med fotballbane og ballbinge, og uteområdet elles er godt tilrettelagt for leik og aktivitet. Området er såleis mykje brukt også etter skuletid.

Vi har partnerskapsavtale med hjørnesteinsbedrifta på øya, Rolls-Royce Marine. Dei lagar automasjonssystem for skip, og er aktivt med på å støtte skulen med blant anna rettleiing innan entrepenørskap og teknologi.

Haramsøy skule (1-10) er felles ungdomsskule for Haramsøy, Lepsøy og Flem skular, og dei tre skulane har eit nært og godt samarbeid.

Når dei ti obligatoriske skuleåra er unnagjort, må ungdomane reise frå øya for å gå vidare på skule. Den næraste er Haram vidaregåande skule i Brattvåg, men mange reiser òg til Ålesund for vidare skulegang. Somme bur heime og pendlar kvar dag, medan andre leiger seg hybel.

Rektor på Flem skule er Tanja Mjøs Otterlei, tlf. 70 21 44 45
Epost: flem.skule@haram.kommune.no
Telefon til SFO er  70 21 44 46.

Sjå òg skulen si heimeside.


Share