Referat frå møte i Næringsgruppa 11.04.16
Stad og tid: Flem skule kl. 19.30 – 21.10
Medlemer til stades: Rolf Longva, Birgit Kjerstad, Johan Longvanes og Knut Flem (ny).
Forfall: Karoline U. Øines
Sak 1. Konstituering
Til ny leiar i næringsgruppa vart Knut Flem vald, til ny nestleiar Birgit Kjerstad.
Sak 2. Registrering av næringsverksemd/arbeidsplassar på øya
Fordeling av ansvarsområde:
Industribedrifter og serviceverksemder: Johan
Landbruk og havbruk: Birgit
Maskinentreprenørar: Rolf
Offentlege arbeidsplassar: Karoline
Ein del arbeid er blitt gjort på dette feltet, og registreringa vil bli fullført, samla og systematisert og publisert på nettsida etter kvart.
Sak 3. Lokale som kan nyttast til næring
På førespurnad frå Tilflyttingsgruppa vart spørsmålet «brainstorma» og nokre potensielt aktuelle lokale vart notert (ikkje offentleg).
Sak 4. Gardar som kan paktast/kjøpast
Også på førespurnad frå Tilflyttingsgruppa, vart ein del gardar og småbruk notert som kan vere aktuelle (ikkje offentleg).
Sak 5. Næringskonferanse?
Einar Landmark (utflytta øying) har lansert ein idé om at Øyrådet startar opp ein årleg konferanse/seminar der det vert sett fokus på ny utnytting av havressursar. Namnet kan t.d. vere «Nordøykonferansen», og i tillegg til å formidle informasjon og kunnskap på området, kan den bidra til å “setje øya på kartet”.
Næringsgruppa synest tanken er god og vil ta kontakt med Landmark for å diskutere idéen vidare.
Referent: Knut Flem
