Fjerning av granskog
Det er ein aksjon på gang for å få fjerna uønskte grantre – særleg sitkagran, som i følgje Wikipedia er tredje størst av alle tre-artar. Aksjonen er utgått frå Fjørtoft skogryddingslag, som har kontakta folk på dei andre øyane for å få til eit samarbeid om å rydde granskog.
Fjørtoftingane har vore i kontakt både med styresmaktene og andre for å få hjelp til å sage og fjerne tre, men det viser seg at kostnadene blir høge sjølv om fylkeskommunen har gitt eit tilskot.
Laurdag 9. juli hadde Fjørtoft skogryddingslag invitert til møte med interesserte skogeigarar, også herifrå øya. Til stades var òg skogryddingsfirmaet Energihogst, som kan hjelpe med å bli kvitt sitkagran og annan skog på bestemte vilkår.
Her på øya er ballen spela over til Kyrre Rogne, som er leiar i grunneigarlaget. Interesserte kan ta kontakt med han for meir informasjon.
