Privat sjukeheim på øyane?
Eldre er meir redd for å flytte på kvileheim enn redd for å døy, vart det sagt. Ut av heimbygda og bort frå kjende fjes og kjent miljø forsterkar frykta.
Heimbygd med alt som er kjent, det trygge. Trivsel. Tankar om å kunne få til ein privat sjukeheim på staden ein kallar heim, den tanken er god. Ope møte på Grendastova på Austnes samla fullt hus.
Så eit sennepsfrø
Guido Hoedemakers fortalde om eiga tilknytning til heimen i Belgia og den nye heimen på Haramsøy. Viktige stadar for både familien og han sjølv. No har han heimen på Haramsøy og det er her han trivest. Men først fekk forsamlinga sjå ein film om engasjerte menneske som jobba fram ein sjukeheim som skulle vere koseleg. Utan sterile kvite veggar og korridorarar. Ein sjukeheim som satsa på trivsel og skulle innehalde det som er vanlege i livet. Eit møbel frå ei svunnen tid, bord med duk og stilige kaffikoppar. Fargar. I tillegg hadde dei satsa på både restaurant og pub. Kort sagt, livet går vidare. Ikkje ein institusjon som varsla om døden.

Guido Hoedemakers
Gudio rekna ikkje med at dette var ei sak som skulle løysast i kveld, men vona at eit lite sennepsfrø vil starte å gro. Guido har i sitt arbeid ansvar for helsa til eldre på Haram kvileheim, og har god kontakt med dei eldre og omsorgsfulle tilsette. Gjennom sitt arbeid har han sett og forstått verdien av heimstad, tryggleik, famlie, vener, natur og kultur for sambygdingar som må flytte frå sine heimar.
Mange tok ordet
Helsepersonell, pårørande, innflytarar og eldre. Meiningane var klare. Lokal heim har mange fordelar. Reidun Mehring (pårørande) ser mørkt på at mor hennar skal flyttast langt vekk frå heimemiljøet til den store kvite kolossen på Vatneeidet. Systemet er feil, vi vil ikkje bli flytta for å døy.

Kristina Ulla
Kristina Ulla, heimflytta med eldreomsorg på hjernen. Ho har reist mykje, men forstår no godt kvaliteten med ”heim”. Har jobba på sjukeheim, og blitt trøtt av springe rundt og utføre oppgåver utan å ha tid til omsorg. Prisar heimemiljøet og dei gamle superheltane som har vore med å skape miljøet. Synte behovspyramida der berre ein femtedel gjeld det fysiologiske. Andre behov har ein langt større plass. Ja, sjukdom er lettare å bere når ein har det godt og trygt elles.
Eit sennepsfrø er sådd.

Salen summmmar!
