Bokbåten Epos med bøker og eventyr
Bokbåten, ein kjend gjest i mange bygder langs kysten i fylket. Søndag 30/10 gjesta båten Søre Midøy, Longva og Austnes på sin nest siste dag på haustturen.
Vi gjekk om bord på Longva, litt stille med det same, men så strøymde det på. Annette Koch, nytilsett fylkesbiblioteksjef i februar i år, var med på turen. Ho nytta høvet til å bli kjend med bokbåten, folk og stadar i fylket. Det er ein relativt lang tur i fylket. Frå sør på Sunnmøre til nord på Nordmøre. Heile 71 stopp i løpet av vel ein månad.
Bokbåten er ein del av Fylkesbiblioteket som har sete i Ålesund. Så no når haustturen er over, har dei mykje arbeid på land med bøker som skal ordnast, skiftast ut eller fornyast.
Noko som er viktig å vite, er at biblioteka har ei flott transportteneste. Bøker som ein låner på bokbåten, kan ein levere inn ved alle biblioteka i fylket. Så ein treng ikkje uroe seg om ein når bokbåten ved neste tur.

Thine Flem låner 2 bøker
Sjølv om det er gode bibliotek rundt om i fylket, er det mange som kjem til bokbåten. Mest på kvardagane då skular og barnehagar organiserer klassar eller grupper. Det er både bøker og underhaldning som dreg. Unge Thine Flem som starta i 1. klasse i år, lånte 2 bøker.
Astrid Elise Sæterøy fortalde eventyr. Ho fekk med dei unge på å finne eventyret ”Prinsessa på erta”, kva som skulle til for å finne prinsessa og kvar i verda.
Frå vaskebytta fann Astrid både prinsesse og dei andre. Golvmoppar og børstar fekk liv. Eventyret engasjerte både liten og stor.
Etterpå fekk vi høyre om bolletjuven. Han hadde tatt med seg alle bollane som skulle vere mat på fest i barnehagen. Skummelt med lukkeleg slutt. Ei fortelling om dei tre bukkane bruse fortalt utan norske ord, men med lydar og fingerspråk gjekk det også inn. Den tok dei unge fort.

På plass for å høyre eventyr
Epos
Epos er eit lengre forteljande dikt i bunden form. Bokbåten Epos har med seg ei mengde av forteljingar, romanar, dikt og bøker av mange slag. Litt for ein kvar smak – både for små og store. I februar kjem båten attende.
Olav Skarstein
