Referat frå styremøte i Øyrådet 06.12.16
Start kl. 18.30- slutt kl.20.30
Desse møtte: Lidvar Rogne, Knut G. Flem, Tanja Otterlei, Joar Haram, Gjertrud Longva, Mette Krogsæter.
Sak 1. Gjennomgang av Bygdemobiliserings aktiviteten 2016. Sjå vedlegg.
Økonomi: 25% av den totale løyvde summen 225.000 gjenstår til utbetaling.
Arbeid, bustad og trivsel avgjerande for busetjing.
Studiering i samfunnsanalyse etter nyttår.
Sak 2. Tilflyttarsamling / innviing av Skulebua: Dato : 25.mai 2017. (Kristi Himmelfartsdag.)
(Utsatt til neste møte.)
Sak 3. Fiber på Øyane- Status Lidvar har snakka med Jens Aksnes. Kommunen har ei sak gåande på å tilby fiber til alle i kommuna. Har vore i kontakt med Tafjord kraft/Mimer. Dei er interessert i å legge ut fiber på øyane. Lidvar held kontakten med Jens. Ei løysing samla for øyane kan vere aktuelt. Telenor har lagt klart for fiber frå sentralen på Longva og til RR.
Sak 4. Kjellen/Klypa-show. Dato: fredag 5.mai. Inkludert dans. Må vere flink med markedsføring. «Øya-spesial.» Danseband: «To gode naboar». Enstemmig vedtatt. Øyrådet stiller økonomisk garanti.
Sak 5. Tilflyttar/ Forretningsidè (vedlegg i egen mail)
Styret vil gå inn for å invitere eit nederlandsk par som er interessert i å starte taredyrking.
Mette og Knut tek kontakt med Møreforsking og Mette med dei.
Sak 6. Saker som kjem til.
– Dato for årsmøte: 15. februar. Valnemnda må kontaktast.
– Nytt informasjonsmøte for bygdafolket etter jul? Eventuelt med mat.
Tema på første møte etter jul: dato 11.januar. Planlegge årsmøte.
Skrivar: Tanja Mjøs Otterlei
Vedlegg: Prosjektbeskrivelse «Bygdemobilisering»
