Referat frå møte i Næringsgruppa 18.05.17
Stad og tid: Flem skule kl. 19.30
Medlemer til stades: Lisbeth Austnes, Jonny Flem, Birgit Kjerstad, Johan Longvanes, Rolf Longva og Knut Flem
Forfall: Karoline U. Øines og Rita Kvinge
Sak 1. Arbeidsgruppa for reiselivsutvikling
Status: medlemer er Mette Krogsæter (leiar), Birgit Kjerstad, Ewa Piasecka, Malén Nogva og Terese Longva. Samling er ikkje halde enno, men Facebook-gruppe er oppretta.
Sak 2. Hollandsk mann med dykkerfirma
– kan vere interessert i å flytte til øya. Gruppa diskuterte kva jobb/oppdrag som kan vere aktuelt. Det er mange verksemder og instansar som brukar dykkertenester, til dømes entreprenørar som byggjer kaianlegg, kystverket, skipsverft, energiselskap m.fl. Det sikraste og enklaste i første omgang vil vere å få seg jobb i eit dykkerfirma i området.
Kombinasjon med fritidsdykking kan vere aktuelt dersom personen er interessert. Andreas Ulla har fullt dykkerutstyr og ser gjerne at det kjem i bruk under leiing av ein kompetent person.
Sak 3. Ny arealplan for øya
Den nye arealplanen er under arbeid på Teknisk etat. Dei som arbeider med planen tek gjerne imot innspel frå publikum. Etter planen skal det vere eit informasjonsmøte her på øyane til hausten. Då vil det bli høve både til å stille spørsmål og kome med innspel. Ingen ting vil vere avgjort på det tidspunktet, slik at det framleis vil vere rom for å påverke resultatet.
Seinare vil eit framlegg til arealplan bli lagt ut på høyring, og merknader kan sendast inn. Øyrådet kan eventuelt gi si meining på generelt grunnlag, som at det bør avsetjast areal for industri, til dømes. Gruppa meiner det er fornuftig at lokalbefolkninga drøftar saka internt og prøver å bli samde om dei store linjene i planen. Med ei slik lokal semje er det lettare å få gjennomslag overfor kommunen og påverke planen i ønska retning.
Sak 4. Vegen vidare for næringsgruppa
Ingen store vyer kom for dagen, men Birgit la fram forslag om eit «informasjonsseminar» om næringslivet på øya. Det kan gå ut på å invitere til eit folkemøte der alle næringane presenterer seg og fortel kva dei driv med. Meir kunnskap om dei ulike verksemdene vil skape meir interesse, er tanken. Idéen vil bli teken opp til nærare drøfting på neste møte.
Sak 5. Eventuelt
I samband med sak 1 – reiselivsutvikling – kom spørsmålet om toalett for turistar opp. Fleire tankar om løysing på problemet vart nemnt, som å bruke toaletta på småbåthamnene, eller eit mobilt toalett. I alle fall bør “nokon” ta fatt i dette.
Møtet slutt kl. 21.00
Skrivar: Knut Flem
