Skulebua på kanten av Skulen

Her kan du sjå kva du ser!
Nybygg med utsikt. Utsikt over nesten heile Sunnmøre. På 492 meter over havet utan do eller innlagt vatn, der kan du nyte naturen og utsikta. Off. opning 20. august – utsatt frå den 12. fordi yr.no ikkje var på lag.

Vennegjeng med stor innsats. Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Gangstad Flem. Innfelt er Severin Longva som jobbar frå heimen.
Gode vener, først fekk dei i gang Øyrådet på Flemsøy/Skuløy, så kom tanken om ei bu på toppen av Skulen, ute på kanten av fjellet. Gode vener: Kåre Flem, Severin Longva, Knut G. Flem, Jan Arne Longva og Arnfinn Flem, ordna løyve og finansiering og så tok det av. Bua tok form, bua ligg fast til underlaget og skal kjempe mot storm og orkan.
Ideen kom våren 2015. Korfor? Vel, Øyrådet tenkte trivsel, seier Severin Longva. Trivsel for dei fastbuande og ei utfordring for dei som vitjar oss. For alle gjeld ein slik tur mykje for folkehelsa. Trø til i motbakkane og få opp pulsen. Motivet til nybygg var på plass.

Retningsskilt er gode å ha i tåka.
Kva seier folket? Kva med løyve? Så positivt – full oppslutning. Både til dugnad og ikkje minst til økonomisk tilskot. Dette er noko som folket vil ha. På tur er det godt å få tak over hovudet i blant, setje seg ned og nyte nista og skifte frå vått til tørt. Kanskje overnatte og sjå soloppgangen. Skulebua er open for alle. Nedre Longva Fellesbeite og Haram kommune har vore utruleg positive til opplegget. Leigeavtale med fellesbeite for tomt på 30 år er skriven. Haram kommune gav byggeløyve. Alt gjekk som smurt til dette folkehelseprosjektet.
Transport og dugnad. Mange har delteke på dugnaden, nokre meir enn andre og dei har frakta og traska opp på fjelltoppen utalege gangar. Dei har fått styrke og kondis på kjøpet. Venegruppa har lagt ned mykje innsats, ikkje alle på fjelltoppen, for kontorarbeidet og samordninga i prosjektet er ein innsats i seg sjølv. Det er hittil registrert 2.000 dugnadstimar. Prosjektet har lokka folk frå nær og fjern for å sjå. Opp til 70 gjestande på ein dugnadsdag, men då gjekk dugnaden litt i sirup.

Plastring med naturstein frå fjellsida. Ein kjempejobb for framtida.
I tillegg til alt som er frakta på ryggen, har det vore nytta helikopter i 2 omgangar. Først til delevis prefabrikerte seksjonar og materiell i 8 helikopterløft. Seksjonane vart bygde i eit naust på Longva. Stor slitasje rundt skulebua i myrjord, både av dugnadsfolk og mange nygerrige, gjorde at plastring av stein rundt bua vart naudsynt. Helikopteret hadde 21 løft med stein og 3 løft med anna materiell.
Flott turmål! Skulebua ligg klar til vitjing. Rein og fin. Kostar til å reingjere fjellsko rett utanfor inngangsdøra. Bua ligg på myrjord, men er forankra med 11 vertikale pålar ned på fjell og barduner som skal stå mot tøft vêr. Godt med sitjeplassar både inne og ute. I klarvêr er det ei utruleg utsikt. 180 grader hav og 180 grader land. Er du heldig er nesten 140 km kystlinje synleg, frå Stadt til Farstad i Eide kommune. Og inn i landet ligg Sunnmørsfjella til skue. Skulen er dessutan eit ”Stikk Ut” turmål. Inne i Skulebua er det flotte foto med påførte namn over at du ser, fjell og øyar, i alle retningar. Kåre Flem har vore sjef for dette prosjektet.
Offisiell opning 20. august
Skulebufest på skuletoppen. Motbakkeløp, Coop Longva spanderer varme pølser (ta med drikke), musikkinslag, informasjon om Skulebua, helikoptertransport frå Longva med retur kan tingast (avhengig av vêret).
Stupbratt! Skulebua ligg like ved kanten. Her er det ikkje rom for tull og tøys. Dette er ein fjelltopp.
Olav Skarstein
