Innspel om eventuell endring av skulestrukturen i Haram
Utgangspunkt:
Haram kommune er inne i ein prosess for å vurdere skulestrukturen i kommunen, og eit særskilt utval er i arbeid for å greie ut spørsmålet. Arbeidet skal munne ut i eit forslag til framtidig skulestruktur.
Øyrådet for Flemsøy/Skuløy vart stifta med føremål å arbeide for at øya også i framtida skal vere ein attraktiv plass for permanent busetting. Ein del av dette arbeidet er å legge til rette for næringsutvikling på øya, ikkje minst med tanke på potensialet for auka verdiskaping som Nordøyvegen inneber.
For at øya også i framtida skal vere attraktiv som bustad for folk og lokalitet for næringsaktivitet, meiner Øyrådet at skuletilbodet er ein kritisk faktor.
Derfor ønskjer Øyrådet å kome med innspel som vi meiner er viktige å ta omsyn til i prosessen.
- Øyrådet stiller spørsmål ved tidspunktet for prosessen. Dei komande fem åra vil medføre to store strukturelle endringar for Haram kommune:
- Haram kommune går inn i «Nye Ålesund» saman med Sandøy
- Nordøyvegen vert bygd
Desse to gjennomgripande endringane vil kunne ha konsekvensar for både skulestruktur og anna som er vanskeleg å sjå no. Eventuelle endringsvedtak om skulen vil vere basert på fakta som sannsynlegvis er utdaterte om nokre år. Såleis kan ein fort ende opp med ein skulestruktur som etter relativt kort tid har gått ut på dato. Store endringar no vil kunne vise seg å stå i vegen for betre løysingar om få år. Øyrådet meiner difor ein bør vente med vesentlege strukturendringar til den nye kommunen og Nordøyvegen er på plass.
-
- Mange av dei aktuelle forslaga om barnehage- og skulestruktur tek utgangspunkt i dagens barne- og elevtal i dei ulike krinsane i kommunen. Framlegga ser vekk frå effekten som spesielt Nordøyvegen kjem til å ha på busettinga, ikke minst på Flemsøy/Skuløy. Kombinasjonen av Nordøyveg, barneskule og allereie eksisterande næringsliv gjer det svært sannsynleg med auka busetting, ikke minst av barnefamiliar. Det er nettopp denne visjonen som ligg bak Nordøyveg-prosjektet.
- Skyssing av elevar er ein del av utgiftene med å drive skule, og skyssutgiftene vil avhenge av skulestrukturen. Per i dag dekkjer fylket 80% av utgiftene til skuleskyss, men med tanke på endra kommunegrenser og gjennomgang av fylket si rolle, må vi rekne med at skyssen må dekkast av kommunen i framtida.
- På Flemsøy/Skuløy har vi per i dag eit svært vellykka samspel mellom skulane og lokale bedrifter. Elevane får i ung alder kontakt med ulike typar næringar som både er viktige lokalt og samtidig internasjonale på høgt teknologisk nivå. Fleire av dei vert sett på som nøkkelnæringar for Norge – både i dag og i framtida.
- Bedriftene på Flemsøy/Skuløy er som alle andre avhengige av tilgang til kvalifisert arbeidskraft.
Fagkompetanse på høgt nivå er den viktigaste faktoren for å oppretthalde og utvikle bedrifter som konkurrerer i globale marknader med høgteknologiske produkt. Det er opplagt at ei eventuell flytting/nedlegging av barneskulen vil medføre at øya vert mindre attraktiv som buplass. Dermed vil det bli vanskelegare å rekruttere nødvendig fagkompetanse. Skulle verksemder som følgje av dette sjå seg nøydde til å flytte, vil bedrifter forsvinne og ta med seg både viktige arbeidsplassar og verdiskaping. Ettersom dei fleste av bedriftene har eit globalt perspektiv, er det sannsynleg at dei flyttar ut av vårt område.
- Mange av forslaga som har vore nemnt, tek utgangspunkt i dagens infrastruktur på øyane. Dei ser vekk frå at Nordøyvegen vil knyte alle øyane tett saman med korte reiseavstandar – frå Harøya i nord til Lepsøya i sør. Såleis bør også noverande Sandøy kommune inkluderast i planlegginga av både skulestruktur og andre kommunale tiltak.
- Konklusjon:
For øyane især vert det «ei ny tid» når øyane om 5-6 år vert knytt tett saman til eitt lokalsamfunn. Mangt vil endre seg, og vedtak om strukturendringar no vil vere basert på fakta som kan vise seg å vere utdaterte om få år. På grunn av uvissa omkring effekten av endringane som vil kome med kommunesamanslåing og bygging av Nordøyvegen, meiner Øyrådet at vesentlege endringar i skulestrukturen bør utsetjast til Nordøyvegen er på plass.
Longva, 10.11.2017
Øyrådet for Flemsøy/Skuløy
