Moderne slaveri
Med fokus på menneskerettar inviterte Longva Bedehus til Gudsteneste søndags kveld. Temaet var ”Menneske er ikkje til sals”.
Bakgrunnen for tema er Global Veke, eit initiativ frå kyrkjene i Norge samla i Norges Kristne Råd (NKR), for å setje søkelys på global urett. Den globale veka hadde sin siste dag på søndag. Det har vore gudstenester, temasamlingar og fagdagar i 15 fylke, kunne generalsekretær i NKR, Erhard Hermansen fortelje.
Gudstenesta var ved prest Magne Bildøy som sjølvsagt tok opp tema i tekstane, medan Erhard Hermansen utdjupa den globale uretten, om dei mange som lever eit slaveliknande liv. Tal frå FN sin internasjonale arbeidsorganisasjon, ILO, viser at det er over 40 millionar menneske som lever i ulike former for slaveri. Eit tal som har utvikla seg negativt dei seinare åra.
Det er mange årsaker til svake menneskerettar. Globalisering og aukande behov for billig arbeidskraft, har ført til utnytting og moderne slaveindustri. Klimaendringar, krig og auka folketal fører til at mange må forlate sine heimland på jakt etter arbeid. Det er også ein fare for at migrantar blir lurt eller tvinga inn i tvangsarbeid. Kyrkja er i mot det skapte slaveri, seier Hermansen, ingen skal leve som slavar. Alle er like mykje verd.
Kva kan vi gjere? Likegyldigheit er med på at slaveriet får auke. Vår val er med på å vedlikehalde skilnadane. Vel vi å kjøpe billig utan tanke på korfor tinga er billige? Er det nokon som må betale for at vi skal kjøpe billig? Let vi att auga for urett? Det er viktig at vi på kvar vår arena seier i frå når vi ser at ting ikkje er greie. Vi må sjå, bry oss og handle. Vi må ikkje tole urett.
Stopp moderne slaveri.
Tankevekkjar. Mange fekk nok opp augene for å kunne vere med å gjere ein forskjel. Samtalane gjekk i alle fall rund kaffiborda etterpå. Det finst mykje informasjon om emne. Brosjyrer var utlagt i lokalet. Elles kan ein søkje på internett. www.globaluke.no
Olav Skarstein