Sparkeføre og skispor
Kong Vinter har teke kontroll over gradestokken og viser minus dag etter dag. På plussida, stabilt sparke- og skiføre. På minussida, no frys vassrøyra!
Nokre vaksne damer er ute med spark. Kjempefint sparkføre seier Inger Klokk, Ingrid Eidem og Reidun Flem. Så bra at dei ikkje har strødd. Sjølv om det er litt glatt er dei trygge på sparkane sine og hatt mange turar dei siste dagane.
Når snøen kjem, så er det mange som leitar fram skia i boda. Ski som i blant må vente årevis på skiføre. Nulll smøreproblem på blått føre i år. Så har vi skispor, NIL sine gode spor. Heile 25 km skiløype er lagt i år. Nesten rundt heile øya, frå Nogva i nord til Støene i nord. Fire mann har bytta på køyringa. Jan Arne Longva, Terje Slyngstad, Christian Rønning og Andreas Flem skulle hatt ei rose og ein god alboge for innsatsen. Det er ikkje berre å legge løypa, litt nysnø eller fokkvind som ein ofte har ute ved kysten, fyller fort opp løypene slik at vedlikehald må til. Dei har også køyrt scooterspor (utan skispor) opp mot toppen av fjellet Skulen, ikkje heilt opp. Berre til appelsinsteinen. Ivrige laussnøkøyrarar kan då lettare kome seg opp i fjellsida.
Ute på tur
Jan Ove Austnes med familie er på helgatur til heimetraktene, på besøk til mor og far, farmor og farfar. Han hadde akemoro saman med to blide jenter, Hanna og Louise, medan resten av familien var ute i løypene. Hadde i grunnen tenkt å reise på hytta, men sidan snøen og skispora lokka vart det øyane denne helga.
Alf-Kåre og Marita Longva var også på helgatur heimom til familiane. Dei var veldig fornøgde med skiløypene, så fint å berre skli innover i naturen.
Anette Austnes Flem har vore i akebakken med dottera Emma Alida Longva. Har hatt ein fin dag i bakken. No skal dei heim og skifte over til eit akebrett som er litt raskare. Dei likar full fart.
Synnøve Rekdal, Aurora Longva og Oliver Klokk har også late seg lokke av gode skiløyper og eit strålande vintervêr. Dei er ikkje kledde for å stå å prate, så dei må halde dampen oppe.
Nytte høvet
Det er mykje folk i løypene, særleg helgedagane, som nyt å få nytte vinternaturen.Frisk luft og mykje lys etter ein periode med regn og mørke gjer godt. Sjølv om det kan vere litt kaldt, så er det berre å kle seg etter temperaturen. Vi veit at det kan bli lenge til neste skisesong ute på kanten av landet.
Olav Skarstein







