Havgaprock er tilbake
To år sidan sist, men endeleg kan folk samlast til utekonsert. Litt spesielt i år med konsert over to kveldar med to band på kvar konsert. Vêret la godsida til begge dagane på Ulla.
Spesielt var det også at konsertfolket vart fordelt på 3 områder for å halde avstand. Det var dessutan ikkje alkoholservering på konsertane og stort fokus på smittevern. Grunna det nedskalerte opplegget var det noko mindre mannskap til kiosk og vakt, ca. 40 seier Preben Austnes Lorgen.
Torsdag
Fint vêr og ca. 200 betalande fikk ei fin oppleving fortel Preben Austnes Lorgen (Nordre var ikkje tilstade den kvelden), men han hadde gjerne hatt 100 fleire på arenaen. Det var god stemning og god musikk. Hovudattraksjonen var Ida Nielsen the Funkbots frå Danmark, der Ida Nielsen imponerte på sin bassgitar. Det andre bandet Horizons Projekt med 8 mann frå Sula. Dei vitja Havgaprock også i 2019. Eit band under fin utvikling.
Laurdag
Fleire hadde funne vegen til Ulla no, ca. 300. Fortsatt godt og varmt, ja T-skjorte temperatur heile konserten – som også varma. På programmet stod to grupper som begga har delteke på Havgaprock tidlegare. Eric & the Horsemen, dei kjem frå Ålesund, opna med ein heftig rock som fekk opp stemninga. Dei har eit repertoar frå punk til country, så dei serverte ei fin blanding frå beihard rock til meir rolege låtar.
Frå nabofylket, tidlegare Sogn og Fjordane kom rapparen Kjartan Lauritzen. Rappar på si sognedialekt frå Balestrand. Kjartan Lauritzen heiter eigentleg Per Áki Sigurdsson Kvikne. På scena hadde han med seg broren Theodor Sigurdsson Kvikne og Marcus. Kjartan Lauritzen er ei oppleving av underhaldning og fekk lett med seg konsertfolket. Ja, folk hadde vore litt forsiktige med å nærme seg scena, men no vart dei lokka fram. Alle fekk på seg munnbind slik at dei kunne vere litt meir avslappa i forhold til ”meteren”. Stemninga steig merkbart og det rocka lenge. Her var det heilt tydeleg at vekkpakka konsertenergi fekk sitt utløp.
Farstad Lyd
Både lyd og lys. Thony Farstad har levert lyd og lys på alle Havgaprock arrangementa. Og har levert godt kvar einaste gong. Farstad lyd har om lag 25 års erfaring i bransjen. To tøffe år med lite oppdrag, men no har det løsna litt seier Thony. Han har med seg 2-3 personar fast vanlegvis, men må hyre inn ekstra til større opplegg. Hadde 4-5 mann no i helga. Har tidlegare i år hatt Eidsvigfestivalen og Tuenesfestivalen. Høyr lyden og sjå lyset på konsertscena! Høg kvalitet!
For born (og vaksne)
Gratis underhaldning i Vikane (Flemsøy/Skuløy) laurdag midt på dagen. Urban Circus med base i Norge skulle trylle, sjonglere og lage stunt på badeplassen på øya. I tillegg hadde Sparebanken Møre stand med lukkehjul, balanseløype og paradis. UL Fram Rogne hadde stand med ansiktsmaling og der var det kø.
Dette var stranddagen delux. Kiosk og underhaldning, sol og sånn pass temperatur i vatnet. Kjempedag for dei små, og eg er heit sikker på at dette var var ein kjempedag også for dei vaksne. Urban Circus med Mathias Ramfelt og broren Benjamin Bendu imponerte med sjonglering og andre påfunn. Fekk publikum med på ein god halvtime med moro og grøss!
Sparebanken Møre hadde med seg eventyrfiguren Tare på stranda, til glede for mange og forsiktig tilnærming frå andre. Havgaprock samla om lag 200 personar til moro.
Gratisopplegget var sponsa av Farstad Lyd og Sparebanken Møre.
Havgaprock
med nok ein fint gjennomført festival. Vêrgudane var med. Fekk nok litt tynnare publikum-tilstrøyming grunna restiksjonane, men alt i alt: Veldig bra konsert.
Må gje ei stor stjerne til eldskjelene, Bjørnar Levi Flem, Håkon Haram, Per Olav Sunde, Henrik Åkre, Vegard Halkjelsvik og Preben Austnes Lorgen. Og sjølvsagt til alle hjelparane som stiller opp.
Kjartan Lauritzen sa det: Dokke er heldige som har slike eldskjeler!
Olav Skarstein










