Flem Skulekorps 60 år

Flem skulekorps i all sin stas!
Eit av dei store skulekorpsa i fylket, og i forhold til folketalet på øya: Megastort!
På jubileumskvelden fekk vi med 31 av dei 33 medlemene på foto før gilde tok av med musikk, sjølvsagt; Ut mot Havet av Edvard Flifelt Bræin, og lotteri og kaker.

Slavey Stoyanov med pinnen
Korpset har hatt fleire dirigentar, noverande er Slavey Stoyanov, som har pendla frå fastland til øy for å handtere dette store korpset i mange år. Før han hadde m.a. Knut Flem dirigentstaven, og før han korpskjempen gjennom mange, mange år; Leif Flem, rektor og dirigent og lærar ved musikkskulen. Han hadde korpset i si hule hand. Streng og snild. Han fekk ikkje oppleve 60 års gilde, men fekk oppleve mange gode korpsår med musikantar som har gått vidare.

Leif Flem (arkivfoto)
Flem skulekorps runda sine 60 litt tidlegare i år, men måtte tilpasse feiring til pandemiutviklinga. Som sagt eit stort korps med god støtte frå nokre seniorar, “dei med rulatorar” spøkar dei seg om seg sjølve. Og kjempestøtte har korpset frå ei levande bygd.
Korpset er avhengig av ein levande skule, ei levande bygd, ein samlingsstad, eit naturleg sentrum for aktiviteten i bygda. Staden er Flem skule på denne øya. Her er det grobotn for musikk. Er det ikkje rart at i litt større bygder og byar som veks, så går det motsatt veg med m.a. korpsmusikken?
Flem skulekorps kan sjå enden på sine 60 år – dersom Nye Ålesund kommune legg ned Flem Skule for å spare nokre kroner på kort sikt – grunna feil dei har gjort på heilt andre område. Nye Ålesund kommune veit ikkje nok om konsekvensar på sikt – til liks med mange andre korttenkte instansar.
Flem skulekorps vil stå strekt i mange år framover så lenge Flem skule er i live, og så lenge politikarane forstår realiteten i å ta heile Noreg i bruk. Ta distriktsnoreg på alvor!
Foto frå konserten:

Flem Skulekorps
Flem SkulekorpsKorpset er ei av dei kjeldene som bitt små lokalsamfunn saman og er med på å – ja – ta heile Noreg i bruk.

Vel blåst!

Konsentrert.

Her er vi!

Godlyd!

Litt gøy og tøys som styrkar samhaldet! Glade glis!
Det er ein stor verdi i å lære å handtere eit instrument, handtere eit noteark, forstå kva notane tyder! Skulane og særleg skulekorpsa har æra for musikklivet i landet, for miljø og velvære. For å seie det på ein anna måte: Det er lite musikalsk i å legge ned skular i distriktsnoreg, der musikken har sin store grobotn!
Takk til Flem Skulekorps for viktig miljøarbeid!
Olav Skarstein
