Coop i ny drakt på Longva
I mange år har Longva hatt Coop Marked som buda i bygda. No har buda fått ei oppgradering både i vareutval og innreiing og nytt kjedenamn; Coop Prix. I seks veker har lokalet vore under ombygging/oppussing og nye reolar, kjøle- og frysediskar har kome på plass.
Buda står no fram som ein ny og moderne butikk, lysar og opnare og med god merking på reolane. Dei har hatt buda open i heile byggeperioden, ei utfordring seier butikksjef Janne Flem. Ho takkar kundane som har vist stor forståing i å måtte finne fram i ein uoversikteleg butikk i ei kaotisk tid.
Vareutvalet blir noko endra, litt stramt etter Coop Prix sine retningslinjer, men dei får plass til 150 vareslag som er lokalt tilpassa. I tillegg til det som er nemnt, har det også blitt plass til sjølvbetalingskasse, noko som etter kvart er blitt vanleg i mange butikkar.
Janne Flem kunne klippe snora for nyopning torsdag 9. Desember 2021 kl 1600. Då sto det kø ute som ville inn i varmen og nyte den nye buda. Der fekk dei også servert lapskaus, pølse i brød, flotte kaker, kaffi og brus.
No kom den nybygde ”kafeen” til nytte, der folk fekk sesse seg rundt borda. Kaféen som er bygd og sponsa av Øyrådet og Coop og der eldskjeler har stått på for lokalmiljøet. Ein plass å sitje ned, mikrobølgeomn og kaffimaskin til matpakken. Og ikkje minst for tilreisande; viktig avtrede.
Litt underhaldning var det også plass til. Ane Flem serverte ”Have Yourself a Merry Little Christmas” og Flem Skulekorps skapte meir julestemning ute. Dei tilsette heidra sin gode og imøtekomande leiar med gåver og veldig gode ord.
Buda er ein viktig plass for bygdene rundt om, saman med skule og barnehage er dei naudsynt infrastruktur. Samvirkelaget på Longva er i år 150 år, noko som skulle ha vore feira i seg sjølv. Kanskje vert det ei feiring til seier Janne.
Olav Skarstein