Hakuna Matata
Ein Sirkel av liv. Teater i UL Rogne sin regi er aldri dårleg. Her er detaljar i hundretal under kontroll.
Her har ungdomane øvd, utsetjingar, vente og sjå – så endeleg får dei framføre Ein sirkel av Liv – ei reise i løveriket – maktkamp – ja, løveriket lever i mange land i dag.
Pandemi og ein sal der ein måtte halde avstand og bruke munnbind. Travelt, men likevel kjekt.
Det vart fleire oppsetjninar med avgrensa tal på publikum, slik at likevel mange skulle få sjå og høyre skodespel og musikal.

Kamp på den farlege plassen – der dei ikkje hadde lov å gå!

Trolldame! (June Siren Nogva)

Gnuflokk ute av kontroll.

Den gamle kongen overlevde ikkje gnuflokken.

Scar i kamp med løvekongen
Ein Sirkel av Liv
Stykket handlar om løvekongen som herska over dyra i jungelen, om svik og løgn, om å miste makta grunna drap og lureri. Men mest av alt handlar det om samhald mellom ymse dyreslag. Samhald som hjelper den unge Simba tilbake til posisjonen som ein ønskja leiar. Ikkje ulikt noko vi kjenner til i verda til menneska. Det handlar om liv og død. Samhald. Livet sin sirkel, der døden har sin naturlege plass, og at livet går vidare i nye generasjonar. Kjent for dei fleste av oss, men mange ville helst leve utan dei negative kreftene.

Kongen? Nala og Simba. (Jenny Flem og Leon Nogva Vedeld)

Scar og Zazu (Mathias Kolseth og Hannah Fjørtoft)
Musikal
Ein Sirkel av Liv er som basert på ein teiknefim med teikna dyr. UL Fram har ungdomar som spelar dyr og som framfører musikalen sine songar på ein profesjonell måte. June Siren Nogva og Tomine Vedeld Haram fekk innleie med ”Ein Sirkel av Liv”.

Dans!

Løver i dyreverda!

Hakuna Matata (Frida Otterlei og Line Flem)

Kampen om makta.
Mykje dans og dyraktig uro. Var nesten aldri heilt i ro. Mathias Kolseth hadde rolla som den svikefulle Scar. Saman med flekkhyane song dei ”Ver Beredt”. Avslappa og sorglause kosa Frida Otterlei og Line Flem (vortesvin og surikat) seg med ”Hakuna Matata”. Fin song. Rolla som Simba var delt i ung og vaksen av Adrian Vedeld Molnes og Leon Nogva Vedeld.
Tenk om livet hadde vore litt meir ”Hakuna Matata”. Litt meir avslappa liv i alvoret vi lever i. Ein problemfri metafor. Du gløymer sorg som du møter på jord. Ein problemfri metafor.
Oppleving
Ei glede å få dele gleda på scena. Smil og latter og svette. Her er ei oppleving på lur for oss alle. Pandemien set mogeleg avgrensing for vidare oppføring – m.a. i ID huset i Brattvåg.
Olav Skarstein
