Adventsfest med julestemning
Tredje søndag i advent på Rogne. Barnegruppa i UL Fram med skodespel, julesong, julenissar med gåver, gang rundt juletreet og kakebord.
Dette er ein fest som mange vil vere med på, full sal og stor forventning då lyset i salen vart dempa og 30 born (3-6. klasse) entra scena. Nissar og troll og ein liten familie. Før skodespelet song dei ein flott adventsong som Elias Rogne har skrive for mange år sidan. Skodespelet i år er Dei fattige si jul.
”Dei fattige si jul” er skrive av Dieter Seblin. Omsett til bokmål som eit spelstykke. UL Fram ved Reidunn Rogne Flem, Marion Høistad Bergheim og Linda Nogva Vedeld har omarbeidd stykke til nynorsk og fletta inn musikk i 2015. For musikk og dans høyrer dei unge til på Framtun. Ytterlegare omarbeidd i 2019 av Julianne Høistad Aakre. Tilpassa dei ressursane laget har i år.
”Dei fattige si jul” handlar om ein familie som ikkje ser lyst på den komande julehøgtida. Dei manglar det meste. Dei har litt von, litt tru på nissane, kanskje dei kan hjelpe. Borna set ut skoa sine i vona på at nissane har noko på lur. Litt godt å putte i skoen. Prøver å kome i julestemning med julesongen ”Det lyser i stille grender”.
UL Fram si barnegruppe var kjempeflinke både med skodespel, song og dans. Nissane dansa seg inn på scena. Seinare kom trolla smygande inn og laga liv og røre med trolldans og song. Velspelt og med tydelege replikkar.

Skogstrolla med Slurperapp! Trollmor Hannah Aksnes, ”Frekkerik” Wiktoria Bednarek, ”Erterik” Iselin Davik og ”Fniserik” Thea Hatlehol.

Celine Fjørtoft og Aron Nogva syng Godnattsong for
Nisseungar. Nissepetter Markus Fjørtoft og Nissetruls Noah
Hagen sit på golvet og høyrer på.
Også ein fin duett med Celine Fjørtoft og Aron Nogva: ”Godnattsong for Nissungar”. Mange slags troll, Rampetroll, Ertetroll, Tulletroll og Småtroll som i samfunnet elles, hadde ein flott Slurperapp med Frøya Søvik Rønning i hovudrolla.
I år hadde også trolla fått ei trollmor, Hannah Aksnes, som var dyktig solist i Når trollmor har lagt sine 11 små troll.
Rognenissane med gåver og kakebord
Borna vart oppmoda om å lokke fram Rognenissane. 100 born ropte av full hals: Rognenissane!! Ingen nisse kunne unngå å høyre slikt eit kraftig kall. Dei kom begge to med sekkane full av gåver til alle dei unge. Ikkje nok med det.
Bugnande kakebord for både store og små. Her var det bortkasta å telje kaloriar. Heller notere dei gode smakane. Køa til kakebordet var lang som ei æve. Men så var det då 300 med stort og smått som skulle fylle sine søtmunnar.
Siste post på programmet var gong rundt juletreet med kjende og kjære julesongar.
U.L. Fram legg kvart år ned ein stor innsats for gje bygda ein flott førjulsfest. Ei god sosial stund, der kav og mas med julestrida kan leggjast til sides til fordel for hyggeleg samvere.
Olav Skarstein










