Anton Flem

Teikna av Johan Flem

«Han kledde fjellet»

Anton Flem var fødd og hadde sin oppvekst i Børstova på Flem. Foreldra hans var Johanne og Kristoffer Flem.

Utdanning

Som ung var han heldig og fekk skulegang utover folkeskulen, noko som var svært uvanleg for ein bondeson frå utkant-Noreg på den tid. Han reiste til hovudstaden og fekk si utdanning på Kristiania Kunst- og Haandtverksskole.

Straks han var ferdig med utdanninga, vart han tilsett i arkitektfirmaet Engelstad, der han arbeidde i 8 – 9 år til han vart alvorleg sjuk av tuberkulose våren 1920. Han kom seg igjen etter sjukdomen og reiste heim til Flem seinare same året.

Lagsarbeid

Anton var gåverik og engasjerte seg på mange felt. Lagsarbeid var eitt av dei, og i Oslo var han med og starta laget Sunnmøringen. Her var han med i styret dei første åra, og vart òg formann i Fjørtoft-nemnda som reiste ein minnestein over Olaus Fjørtoft på Vår Frelsers gravlund i Oslo. På grunn av sjukdomen fekk ikkje Anton vere med på avdukingshøgtida i september 1920.

Vel heime igjen engasjerte han seg i ungdomsarbeid. Han kom tidleg med i styret i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, og på heimstaden var han ei drivande kraft i UL «Samhald» i mange år. Han måla kulisser på ungdomshuset, engasjerte seg i teaterverksemd, skreiv tekster og spelte fele.

Skogreisaren

Men det er i arbeidet sitt med skogreising Anton Flem først og fremst har sett spor etter seg. Gjennom eit langt liv ivra han i ord og gjerning for å «kle fjellet», og dette arbeidet viser i dag att i fullvaksen skog mange stader der det før var snaufjell.

Skuleplanting og fredskogsfelt

Første skuleplantinga her på øya skjedde rundt 1902. Det var «storskulen» (5. – 7. klasse) ved Flem skule, med Karl Rogne som lærar, som planta i Knutgarden på Longva. Det er uklart om det var meir skuleplanting dei to neste tiåra.

Men i 1922 fekk Anton i stand eit samarbeid mellom grunneigarar og skulen som gjekk ut på at borna i «storskulen» skulle plante skog to dagar kvar vår. Den første skuleplantinga etter denne ordninga gjekk føre seg i Torinagarden på Flem.

På denne tida vart fjellet mykje nytta til beite både for sau, ku og hest. For at plantefelta ikkje skulle bli øydelagde av beitedyra, måtte dei inngjerdast i såkalla fredskogsfelt. Vi kan vel tenkje oss at det ikkje alltid var enkelt å få grunneigarane med på dette, men Anton stod på og fekk det igjennom.

Han organiserte og la til rette for arbeidet, og fekk tak i både planter og gjerdemateriell, og skuleplantinga vart ein årviss ny giv i skogreisinga. Mykje av styrken hans låg i dei gode evnene han hadde til å få folk med seg og å få til samarbeid.

Skogplanting

Skuleskogplanting på Halsane ca. 1961. Elevar ved Flem skule (årgangane 1948 – 50). Anton gir sine instruksar. Brorsonen Kristoffer bak t.v.

Plantekurs og skogfest

I 1936 fekk Anton i stand eit plantekurs her på øya, som vart avslutta med ein fest som i ettertid vart kalla skogfesten. Han skreiv prolog til mang ein ungdomslagsfest, og her er eit par vers av prologen til «skogfesten»:

Vårliv no ikring oss vaknar,
vårliv her på Nordøy strand.
Vintrens kalde isbind raknar
for ei solvarm skaparhand.

Her me trivst i stille dagar
når ei vårsol mot oss lær.
Men når storm kring husi jagar
saknar me nok skogen her.

Kommunalt skogråd

Det vart bestemt i Skogvernlova av 1932 at det skulle veljast skogråd i alle landkommunane i Noreg. Anton var no så godt kjend for sin entusiasme og sitt utrøyttelege arbeid for skogsaka at han vart vald til formann i det kommunale skogrådet. Både denne posisjonen og lova i seg sjølv var sjølvsagt ei god støtte for det vidare skogreisingsarbeidet i heile Haram kommune.

Med krigen vart 1940-åra ein dårleg periode for skogplanting, men på 1950-talet vart det ein ny giv i skogreisinga. Mellom anna vart skuleplantinga teken oppatt og vart utført årvisst i eit par tiår.

Sitkagran

Anton følgde heile tida med på det som skjedde på skogfronten og såg at sitkagrana tok til å bli planta andre stader i landet. Dette treet veks naturleg langs vestkysten av Nord-Amerika og kunne såleis også passe på norskekysten, var tanken.

Anton var berre måteleg begeistra for å bruke dette treslaget i skogsarbeidet sitt. Men skogstyresmaktene ville ha det utprøvt og pressa på å få det gjort også her ute på øya. Som leiar i den kommunale skognemnda hadde vel ikkje Anton noko særleg val og tok til å plante sitkagran han òg.

Det var på denne tida «Stiklestad-alléen» på Halsane vart planta ut – med sitkagran frå Stiklestad.

Stiklestadalléen på Halsane

Skogpionér, industrimann og kunstnar

Anton var driven av ei brennande interesse for «skogsaka». Alt han gjorde var på frivilleg, ubetalt basis. Han var ei eldsjel som hadde evna til å få andre med seg som drog lasset i lag.

Livnære seg gjorde han med å lage lysekruner, stolar og andre treprodukt, og han dreiv Vang Industri med opptil femten mann i arbeid heilt fram til midten av 1960-talet.

Som nemnt hadde Anton mange interesser og givnader. Han var ein habil felespelar, han skreiv dikt, teikna og måla, og han var ein dugande treskjerar. Inskripsjonen på bautasteinen som vart reist over han i 1987 kan seiast å gi oss mannen i eit nøtteskal:

Ein skogens apostel i øygarden – kunstnaren, pioneren, ungdomslagsvenen og norskdomsmannen Anton Flem


Minnestein og avdukingshøgtid

Minnestein Anton FlemOppe i skogen på Flem, ved siste svingen av fjellvegen før den flatar ut oppe på fjellet, er det reist ein bautastein over Anton Flem. Minnesmerket vart sett opp av Haram kulturhistoriske lag og UL «Samhald».

Initiativet til å få reist ein bauta kom frå tidlegare heradsskogmeister Hans Berg i Ørsta. I 1986 fekk Haram kulturhistoriske lag ein førespurnad om dette, og på årsmøtet i desember same år vart det bestemt å prøve å få sett opp eit minnesmerke.

Til å arbeide med denne saka valde årsmøtet ei nemnd: Palmar Fjørtoft, Bjarne Flem, Kristoffer Flem og Harald B. Haram.

Nemnda må seiast å ha vore «hurtigarbeidande», for alt 23. august 1987 var det klart for avduking av bautaen. Steinen var kjøpt frå eit steinhoggeri på Nordmøre, og minneplate vart skaffa av Peilo Teknikk AS, som også sytte for inskripsjonen.

På avdukingsdagen var det ein «forrykande nordavindskuling», som det står i referatet, men med sol og blå himmel. Mykje folk var til stades, og mange bar fram helsingar og minneord om Anton:

Hans Berg, initiativtakar og tidlegare heradsskogmeister i Ørsta, Palmar Fjørtoft, formann i Haram kulturhistoriske lag, Bjarne Flem, medlem i nemnda,  Leif Flem, formann i Haram kulturstyre, Sindre Rogne, varaordførar i Haram, Johan H. Ulla, gardbrukar på Ulla, Leif Ødegaard, heradsskogmeister i Nordre Sunnmøre og Arne Øverlie, fylkesskogsjef i Møre og Romsdal. Olav E. Flem, brorson av Anton, takka på vegne av familien.

Før og innimellom talane spela Flem skulekorps «Fagert er landet», «At far min kunne gjera» og «Mellom bakkar og berg», og til avslutning «Ja, vi elsker dette landet».

Teksten på minneplata lyder slik:

Ein skogens apostel i øygarden –
Kunstnaren, pioneren, ungdomslagsvenen og norskdomsmannen

ANTON FLEM
1891 – 1983
kledde fjellet

Ein poet, kanhende,
ei versstrofe syng,
um venleik han skodar
i mose og lyng, –
Men sjeldan han hugsar
den herlege arv,
som folket vårt miste
då skogane kvarv.
A.F.

Haram kultur-historiske lag
og Ul. Samhald
reiste dette minnet 1987


Les òg om industripioneren Anton Flem

Kjelder:
Haram kulturhistoriske lag – skrift nr. 24
Einar E. Flem


Share