Between Sky & Sea – Mellom himmel og hav!
Ute på kanten av landet, der himmel går i hav – der er det noko meir. Noko som skjer heile tida. Livet har eit ankerfeste i havkanten og mange kjenner roa og samstundes draginga mot noko heilt der ute på kanten. Den store himmelen og det store havet…..

Ute på kanten av landet. Chuyia Chia.
Vertskapet var samla på Longva i ei stor sjøbud. Longva Kunstrarresidens er vertskap og arrangør. Harald Dyrkorn, Terese Longva, Henrik Koppen og Rita Marhaug står for det praktiske saman med ein haug med lokale hjelparar. Dagleg samla aktørane seg i sjøbuda for å evaluere opplevingane og drøfte vidare framdrift.

Anette Friedrich Johannessen og Terese Longva Informerer
Preformance
Åtte kunstnarar med ei sterk kjensle for å kjenne og smake på naturen mellom himmel og hav. Preformance kunst er ei oppleving mellom menneske, natur og materialer og evna til å videreformidle kjensla til andre. Landskap og forming av naturen og berggrunnen som er framme i dagen, er spesielle for øyane. Landskapen syner mange stader tida i geologisk forstand. Viktige element for kunstrnarane denne gongen.
Sommar og sol
Kunstnarane fekk kjenne lite til sydleg varme og hetebølger under opphaldet. Nyvaska natur dagleg og vått og glatt. Men dei kom i mål. Og sjølvsagt ordna vår herre med sola og varmen til dagen for presentasjon og fest. Ikkje til å tru i disse våre våte dagar. Ei reise i fjøra med kunstnarar og interesserte i samspel.

På vandring i havkanten.
Preformance naturell
Kunstnarane fortalde, dei nytta kroppen og dei var i samspel med naturen på ulike måtar.
Chuyia Chia (SE) brukte seg som ei bru i tidevassgrensa mellom flo og fjøre. Venta på floa.

Chuyia Chia og tidevatnet.
Tina Mariane Krogh Madsen (DK) viste kontakt mot dei harde elementa. Stein.

Tina Mariane Krogh Madsen i kontakt med stein i naturen.
Frauke Materlik (DE) tok tak i uønska element i den norske faunaen.

Fauke Materlik samla uønska fauna.
Sabine Popp (NO/DE) viste Nordøyvegen under Nogvafjorden og prøver henta opp frå steingrunnen under havdjupet.

Sabine Popp. Fjell under tunell og Nogvafjorden.
Monroe Isenberg (US) tok oss med ut på ein holme i havgapet (video), der han vaska holmen til floa tok plass.

Monroe Isenberg vaskar til floa kjem.
Esa Kirkkopelto (FI) formidla skiten smeltande snø frå hustak.

Snøen smeltar…Esa Kirkkopelto.
Ine Harrang (NO) hadde tang og tare som eit vindu mot himmel og hav.

Vindauge mot nye høve! Tang og tare. Ine Harrang.
Gunnhildur Hauksdóttir (IS) med ei mektig avsluttning med eld, stein og tone frå ei større gruppe. Kjende (og ukjende) steinartar vart formidla presist, og sa oss at gråstein ikkje berre er gråstein.

Stein og eld. Gunnhildur Hauksdóttir.
Nokon forstod og kosa seg, andre var litt tvilande. Slik som det er her i verda.
Mellom himmel og hav
Med varrierande vêr og vind har 8 internasjonle og norske kunstnarar fått utforske, bu og arbeide fram preformance kunst på Nordøyane. Mest på Skuløy/Flemsøy der dei også budde. Takka vere vertskap og gode hjelparar gjekk alt på skinner. Både opplegg og fest.

Også høve til å nyte…
Sindre Rogne, Audhild Nogva, Norunn Flem, Anita Rønning og Åshild Brandal.
Alt ordnar seg, seier Terese. Her kjem overnattingsplass, utstyr, oppvaskmaskin og kaker inn på løpande band.
Olav Skarstein
