Dei unge får det til!
Musikalen, Oliver Twist, tok publikum med storm. Det er berre å ”Bøye seg i hatten”, som skilaupar Heidi Weng mixa saman eit par ordtak for nokre år sidan. Ul Fram si ungdomsgruppe kan meir enn å bøye seg i hatten.

Måltid på fattighuset. Bak er Herr Buldre og Fru Skrulle, Leon Nogva Vedeld og Vilde Ravnestad. Tenarar Line Flem og Hannah Fjørtoft. Rundt bordet er Bjørn Longva jr., Andrea Milic og Adrian V. Molnes synlege.
Ungdomen, musikalen og scena såg ikkje ut til å hatt pause. Du verden for talent, glede, scene og kostyme. Oliver Twist var på scena så seint som i 2015, men no med heilt nye unge frå 12 til 16. UL Fram si ungdomsgruppe held fram med å imponere. Stadig nye talent melder seg på både innan skodespel og ikkje minst sang. Solistane står i kø med stødige framføringar av utfordrande songar.
Skodespelarar som lever seg inn i handlinga. Voldsomme scener, muntre scener, livlege scener, sterke scener og litt lengt og kjærleik. Ein kan knapt tru at det er ungdom som får dette til.
Grunna smittefare, var det berre plass til 50 i salen med meteravstad og antibac. Det var tre framsyningar, fredag, laurdag og søndag. Så mykje ekstra arbeid for laget og deltakarane.
Romanen Oliver Twist er skiven av Charles Dickens i 1838. Framførd mange gonger både som drama, film og musikal. Foreldrelause Oliwer Twist er langt nede på rangstigen, og veks m.a. opp på fattighuset. Dårleg og lite mat til dei fattige. Etter eit opprør vert Oliver selt til eit begravelsebyrå som læregut. Etter ein krangel med ein annan læregut, stikk Oliver av.
Gode på scena
Det var så mykje å glede seg over, ikkje minst at UL Fram hadde oversett alle tekstane til nynorsk. Dei brukte også ein del norske namn på rollene. Det var ei mengd svært gode pestasjonar på scena. Mange hadde erfaring, men nokre var nye i ungdomsgruppa. Adrian Vedeld Molnes hadde vore med i barnegruppa, men no som ny i ungdomsgruppa med hovudrolle; Oliver Twist. Korleis er det å få ei så stor rolle som ny? ”Jau, det var litt spesielt og det kom brått på.” Mykje tekst? ”Ein del, men heldigvis korte tekstar som var lette å hugse i spelet”. ”Veldig kjekt å få vere med”. Så må vi også nemne at Adrian hadde ein kjempefin sangsolo om Kjærleiken! Tøfft!
Ei anna stor rolle hadde Synne Ulla Otterlei som Nancy. Ho har mange år på baken både i barne og ungdomsgruppa. På scena var det både fysisk og psykisk sterke utfordringar. Synne seier at rolla var overkomeleg, ho prøver å jobbe seriøst og skikkeleg! Det lukkast ho med! ”Det var mykje tekst” seier Synne ”men sangsolo var det tøffaste”. ”Det var andre gongen på scene med song”. ”Litt skjelven!” Men ho tykkjer at teater er skikkeleg bra.
Vel, Synne leverte både i skodespel og i sang. God i replikk, stemme og spel. Og ei veldig flott sangstemme, ja de skulle høyre songen ”Fordi han trenger meg”.
Mange flinke
Skulle så gjerne nemnt alle. Oliver Twist er ein musikal og ved sidan av flott skodespel fekk vi høyre solistar, duoar, grupper og kor med høg musikalsk standard. Sterke songstemmer heile vegen.

Oliver vert krona som framtidig tjuv. Vi ser Angelica Klokk, Adrian Vedeld Molnes og Audun Høistad Aakre
Merka meg at Håkon Flem i rolla som Fagin, opna litt forsiktig, for deretter å rule! Vilde Ravnestad som fru Skrulle, har stemma til å avbryte eit kvart ekteskap. Fru Surbær, Aurora Longva set alle på plass. Mannssjåvinist herr Buldre tolka av Leon Nogva Vedeld, var ikkje fornøgd med utviklinga i livet. Frida Otterlei med 3 roller, eller var det 4, der Gamle Sally kjem på topp. Elias Flem er dr Gråhår med stetoskop og diagnose. Godt spelt!

Fest på Kroa. Håkon Flem, Frida Otterlei,Line Flem, Ivar Arne Fjørtoft, Synne Ulla Otterlei, Mathias Kolseth, Elias Flem, Leon Nogva Vedeld, Hannah Fjørtoft og Jenny Flem.

Oliver vert fanga. Aurora Longa, Jenny Flem, Adrian Vedeld Molnes, Synne Ulla Otterlei, Vilde Ravnestad, Elias Flem og Eirik Davik

Oppklaring. Bill Sikes har blitt skoten Oliver er fri. Hannah Fjørtoft, Jenny Flem, Frida Otterlei, Line Flem, Vilde Ravnestad, Aurora Longva, Brian Fjørtoft, Eirik Davik,Elias Flem og Ivar Arne Fjørtoft
Arbeidet bak
Kostymehandtering og tilpassing tek mykje tid, sjølv om det denne gangen var lagra ein del frå oppsetjinga i 2015. I tillegg er det scene, lyd, lys, musikk, koreografi, møtetider, transport, matpauser og logistikk. I år vart korona pandemien utfordrande. Olier Twist skulle eigentleg opp til jonsok, men alt vart sett på vent ei tid. Kom sakte i gang att! I små grupper.
Eldsjeler
Eldsjelene som har lagt ned utruleg mykje tid på denne oppsetjinga, og i barne/undoms arbeidet i UL Fram elles, er Reidunn Rogne Flem, Marion Høistad Bergheim og Linda Nogva Vedeld. Og dei set stor pris på alle gode hjelparar. Velfortent takk frå ungdomslaget.
Olav Skarstein










