Denne festen har vi venta på! Nordøyvegfest med meirsmak!
Ei kjempemarkering med oppslutning frå små og store, frå øyar og frå fastland. Venskapsband på veg. Latter og smil breiare enn Lepsøyrevet. Det var nesten som om Nordøyhallen på Austnes revna.
Smaken
Smaken av fastlandssamband har tre av Nordøyane hatt på tunga sidan 18. desember i fjor, ein smak av fridom saman med eit bittelite sakn. Fridomen festar vi for, no kan vi reise sjølv om Os har maskintrøbbel, klokka har stogga eller bølga bryt. Men MRFsvela, surkaffien (ikkje alltid) og hyggepraten, trur eg vi vil ha i den gode minnebanken. Men festen/festane 5. mars hadde fullt fokus på den nye tida. Lokale krefter skin som sola for eit halv tusen sjeler, her var det ikkje ei sky.
Meirsmaken
Saman med Nordøyvegfesten kunne vi sanse masse meirsmak. Ein pandemi på retur med høve til å puste utan det du veit, kunne samlast mange, kunne gå i kiosken og handle heimelaga kake med eller utan gluten. Kunne sitje saman å sjå og høyre underhaldning frå scena utan faste plassar og meter’n. Seinare på kvelden med ny fest, med gallamiddag, revy og dans. Dans!!
Skal seie at meirsmaken fekk sitt å gå på den 5. mars dagen.
Underhaldning
Første del av festen, på dagtid, hadde samla eit knippe med veldig gode lokale krefter, vanskeleg å gje smakebitar i stillbilder, men kan kort og greitt fortelje at Nordøyane har eit utruleg dyktig kulturliv.
Nordøyane Storband så det svingar, skulekorpsa på dei tre øyane stillte med 50 musikantar, større korps i forhold til folketalet finn ein knapt i fylket.
Barneskulekor og Kor For Oss, ungdomskulekor og solistar i Kari Nyhus Aksnes og Ane Flem. Klang for øyrene utan øyreproppar, litt moroteater og mykje meir.

Kari Nyhus Aksnes, solist med dansarar; Jenny Flem, Bente-Lise Otterlei, Hannah Fjørtoft og Line Flem i heftig dans.
Teater på høgt nivå kom frå UL Fram, Rogne. Eit lite utval frå ”Ein Sirkel av Liv” som vart oppført i november 2021.
Både dans og skremande scener, avrunda med Hakuna Matata – ingen bekymringer – med Line Flem og Frida Otterlei – som verkeleg dansa og song eit liv utan stress saman med løveprinsen Adrian Vedeld Molnes! Hakuna Matata. Ein dans som lokka til eit liv utan stress!
Programleiing
Tre flinke programleiarar, både med å leie festen og intervjue viktige personar i Nordøyvegen si framdrift. Desse tre var sjølvsagt frå tre øyar, Malin Rønstad frå Lepsøy, Kari Nyhus Aksnes frå Haramsøy og Mari Høistad Bergheim frå Skuløy/Flemsøy.

Intervju med Marianne Nærø i Statens Vegvesen. Måtte halde seg til entreprenørar som forstod flo og fjøre. Mari Høistad Bergheim, Malin Rønstad og Marianne Nærø.

Nestleiar for tunnelarbeidet, prosjektsjef i Skanska, Anne Britt Moen, kunne fortelje om utfordringar i ferjeruter, ver og vind, vanskeleg fjell og vegtrafikk.
Mari Høistad Bergheim, Malin Rønstad, Anne Britt Moen og Kari Nyhus Aksnes.
Godt jobba. (Legg gjerne merke til kvinneandelen).
Eit par gode innslag på tampen
Reidun Haram Longva hadde laga ny tekst til songen Vestlandet som gjekk til topps i MGP junior for nokre år sidan; ”No er livet blitt forandra, vi har fått fastlandsveg…..tenk kor heldig du er som bur på Nordøyane”. Reidun med kor!!
Kenneth Ulla hadde også ei god økt som instruktør for ferjemannskap, som er historie i sambandet frå Skjelten,
han fekk med seg alle dei unge som ville vere med i ei heseblesande bildirigering: Kom no, kjør her, litt til, til venstre, rygg tilbake, stans! Dette var ein dans mange hadde vore med på før. Her gav dei alle av seg sjølve!
Om få dagar kjem HUSK GP på scena i Nordøyhallen. Som ei påminning til denne komande hendinga, køyrde Ungdomsskulekoret ein flott song frå scena, “Øyane Våre”. Solistar var Audun Høistad Aakre, June Siren Nogva, Thea Dalhaug Ulla og Andrine Otterlei Austnes.

Ungdomsskulekoret med solistar; Audun Høistad Aakre, June Siren Nogva, Thea Dalhaug Ulla og Andrine Otterlei Austnes
Kulturlivet har vakna på øyane. Masse flott ungdom for framtida.
Seinare på kvelden var det middag, fest og dans!
Olav Skarstein